Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.


Om studiet
Vil du lære å lage musikk digitalt? I tett samarbeid med elektronikaduoen MuteMode har HVL utvikla to praktiske emne der du skaper og framfører musikk med din eigen PC. Her vil du lære korleis du kan kombinere kompetansen din på eige instrument, med digitalt produksjonsverktøy.
Kvifor studere laptop som instrument, og laptop som prosjektstudio?
Desse to emna er for deg som vil undervise i musikkteknologi, eller som sjølv vil lære om musikkproduksjon for å utvikle ditt eige musikalske uttrykk. Styrk din kompetanse i å lære bort musikk på ein engasjerande og innovativ måte.
Kva lærer du og korleis er emna bygd opp?
Dei to emna vi tilbyr er på 7,5 studiepoeng kvar. Du kan velje om du vil ta eitt eller begge emna.
Laptop som prosjektstudio (LPT801) (Vår 2026)
Laptop som prosjektstudio gir deg grundig opplæring i bruk av programvara Ableton Live på eiga laptop, med vekt på å kunne komponere og produsere musikk.
Laptop som instrument (LPT802) (Haust 2025)
Laptop som instrument gir deg ferdigheiter i å bruke Ableton Live i musikalsk framføring. Sentralt i emnet er forståinga av korleis ein laptop kan bli brukt som eit fleksibelt instrument på sine eigne premissar.
Målgruppe
Studiet er spesielt relevant for musikarar som vil utvikle sin digitale kompetanse og for tilsette i grunnskule, vidaregåande eller kulturskule, som ønskjer å videreutvikla musikkundervisninga si.
Opptakskrav
Sjå tilrådd forkunnskap under praktisk informasjon
Søknadskode:
LPT801 er 8526
LPT802 er 8527