Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.


Om studiet
Ønsker du å gjere lidenskapen din for musikk eller visuell kunst til ein karriere? Bachelor i kunstfag er eit fleksibelt heiltidsstudium med fokus på berekraft, kulturell forståing, samfunnsengasjement, digital teknologi og tverrfaglege perspektiv.
Kvifor studere kunstfag?
Denne utdanninga er skreddarsydd for deg som vil bli rusta til å arbeide innan kunst- og kulturfeltet. Gjennom studiet legg vi vekt på at du skal lære deg kreative metodar, utvikle tverrfaglege perspektiv og utforske digital teknologi. Viktige tema for undervisninga vil vere berekraft, kulturell forståing og samfunnsengasjement.
Du kan velje å fordjupe deg i musikk eller visuell kunst. Dette blir utgangspunktet ditt for arbeid med ulike prosjekt, både individuelt og i team. Gjennom å utvikle eigne prosjekt får du også høve til å utforske korleis kunsten kan skape verdi i ulike samanhengar.
Dette er ei fleksibel utdanning, der det første studieåret er eit heiltidsstudium ved HVL Campus Stord, medan 2. og 3. studieår er samlings- og nettbasert. Studentar med 60 sp i musikk eller visuell kunst/kunst og handverk/design frå tidlegare studium vil frå 2026 kunne søke om å få godkjent dette som 1. studieår. Ved godkjend søknad får ein tilbod om opptak på 2. studieår under føresetnad av at søknadstala har mogleggjort oppstart av studiet.
Kva kan du jobbe med?
Bachelor i kunstfag – musikk eller visuell kunst vil kvalifisere deg til å jobbe i eit breitt perspektiv, både i lokale, nasjonale og internasjonale samanhengar:
- samfunnshus/kulturhus/bydelshus
- samfunnskontaktavdelingar i profesjonelle kunstorganisasjonar som for eksempel dansekompani, museum, galleri, festivalar og symfoniorkester
- non-profitt-organisasjonar med allmennyttig formål (t.d. organisasjonar for menneske med ulike funksjonsvariasjonar, flyktningar, innan rus-rehabilitering)
- administrasjon innan kunst- og kunstopplæringsorganisasjonar
- SFO/aktivitetsskule
- kulturskular – både offentlege og private
- sjølvstendig næringsdrivande
- og mykje meir