Fakta

Sted:
Nettstudier
Studietype:
Master, 2 år
Studiepoeng:
120

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

.

Om studiet

Vil du bidra til å styrke kvaliteten og forbetre praksisen i helse- og omsorgstenestene? Med master i kunnskapsbasert praksis kan du vere med på å sikre at tenestene er verknadsfulle, trygge og involverer brukarane. 

Kvifor studere master i kunnskapsbasert praksis?

Det er forventa at helse- og omsorgspersonell tek faglege avgjerder basert på brukarens behov, eigen erfaring og systematisk innhenta forskingsbasert kunnskap.

Kunnskapsbasert praksis handlar om å kombinere klinisk erfaring og ekspertise med beste tilgjengelege kunnskap frå forsking. Brukaren sjølv, og dei som står brukaren nær, skal også få medverke i avgjerder.

Ved å studere master i kunnskapsbasert praksis får du nødvendig kompetanse for å jobbe med kvalitetsbetring, implementering og endringsprosessar i praksis. Å kunne bruke prinsippa for kunnskapsbasert praksis er avgjerande for å lukkast med kvalitetsbetring. 

Kva lærer du?

Ved å studere master i kunnskapsbasert praksis vil du lære å:

  • Reflektere over praksis.
  • Stille presise spørsmål.
  • Søke etter og vurdere kvaliteten på forskingsbasert kunnskap.
  • Nytte forskingsbasert kunnskap.
  • Evaluere endringar i praksis.

Studiets oppbygging

Kva kostar det å studere?

Som student må du betale 850 kroner kvart semester. Les meir på våre sider om semesterregistrering. Denne avgifta dekker ikkje kostnadar til for eksempel pensumbøker og anna utstyr du treng, så det vil komme i tillegg.

Utveksling

Om du er interessert i studieopphald i utlandet, ta kontakt med fagseksjonsleiar Nina Rydland Olsen. 

Studere meir?

Fullført mastergrad kvalifiserer deg for opptak på ph.d.-studiar.

Karrieremuligheter

Kven passer studiet for?

Master i kunnskapsbasert praksis passer for alle som jobbar i helse- og omsorgstenestene og som ønsker å jobbe med kvalitetsbetring og implementering. Det er aktuelt for deg som har ansvar for fagutvikling på di avdeling, eller som ønsker å jobbe meir med dette framover. Det kan også passe for deg som er fagutviklar eller leiar.

Kva kan du jobbe med?

  • Fagutvikling, kvalitetsbetringsarbeid og implementering.
  • Undervising, rettleiing og leiing i høgare utdanning.
  • Formidling av forskingsbasert kunnskap, for eksempel i klinisk praksis eller i fagtidsskrift.
  • Arbeidsoppgåver og stillingar der det blir stilt krav til vitskapleg innsikt, kunnskapshandtering, og produksjon av ny kunnskap.

Alle utdanninger innen