Fakta
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.


Om studiet
I vakre Sogndal, med kort veg til fjell, fjord og isbrear, har du eit perfekt utgangspunkt for å studere bachelor i geologi og geofare!
Kvifor studere geologi og geofare?
Geologi handlar om å forstå kva jordkloden består av, korleis den er blitt til og korleis den har utvikla seg. Studerer du geologi og geofare på HVL kan du møte framtidas utfordringar, og du kan velje mellom ulike jobbar innan naturfare, utvinning av naturressursar, bygging av infrastruktur og framtidige klimaendringar.
Vi brukar den storslåtte Vestlandsnaturen rundt campus Sogndal som vårt klasserom. Dette er ei praktisk retta geologiutdanning. Vi reiser på ekskursjonar og feltarbeid i nesten alle emne, noko som gir deg god innsikt i geologiske prosessar og metodar.
Geologi og geofare er den einaste bachelorutdanninga i Norge som har eit særleg fokus på geofare og geologiske problemstillingar i arealplanlegging. Tilbakemeldingar frå studentar i Studiebarometeret viser at vi ligg i landstoppen som beste bachelorprogram innan geofag, der vi har gått heilt til topps som beste studieprogram i 2022 og 2023. Våre studentar er svært tilfredse med undervisninga, rettleiinga frå dei faglege tilsette og med læringsmiljøet.
Gjennom studiet lærer du om:
- korleis jorda vår er bygd opp, og kva indre og ytre prosessar som skapar det landskapet vi ser i dag
- geofarar som skred, flaum, jordskjelv og tsunami, og korleis desse kan bli oppdaga og overvaka ved hjelp av moderne teknologi
- årsaker og omfang av naturlege og menneskeskapte klimaendringar
- korleis brear, snø og snøskred opptrer og utviklar seg
- geologiske verktøy som kart, GIS, GPS og geofysiske metodar
- geologiske ressursar som ulike mineral, lausmassar og vatn
- sentrale lovar og verkemiddel i norsk arealplanlegging, miljø- og naturforvaltning
Studiets oppbygging
Korleis er undervisninga?
Vi brukar aktive undervisningsformer i klasserom og på lab, i tillegg til sjølvstudium. Vi reiser på mange ekskursjonar og feltarbeid, der du lærer om geologi og geofarar i praksis, inkludert relevante metodar. Du lærer også gjennom forelesingar, øvingar på geologilaben og oppgåveløysing på klasserom.
I ein del emne har vi blokkundervisning, som betyr at vi jobbar med eit emne om gongen og avsluttar med eksamen, før vi begynner på neste emne.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 5. semester.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse, Matematikk R1 (eller matematikk S1 + S2) og eitt av følgjande krav:
- Matematikk R2
- Fysikk 1 + 2
- Kjemi 1 + 2
- Biologi 1 + 2
- Informasjonsteknologi 1 + 2
- Geofag 1 + 2
- Teknologi og forskningslære 1 + 2
Karrieremuligheter
Kva kan du jobbe med?
Med ei utdanning i geologi og geofare kan du jobbe med mange samfunnsaktuelle problemstillingar:
- Geologisk kartlegging av bergartar, lausmassar og brear. Til dømes i NGU, NVE, Statkraft og NGI
- Vurdering av samfunnssikkerheit knytta til skred, flom og klimatilpassing. Til dømes i NGU, NVE, Statens Vegvesen, SWECO, Skred AS, Rambøll, NGI, COWI, Norconsult, Multiconsult, Asplan Viak
- Utvinning og forvaltning av ressursar som olje, gass, metall, industrimineral og naturstein. Til dømes i Equinor, Titania
- Kartlegging av vassressursar og forurensing i sediment. Til dømes i Geovita, Sweco, Cowi og hjå Statsforvalteren
- Grunnundersøkelsar knytta til infrastrukturprosjekt (bygg, veg, tunnel, jernbane, vind- og vatnkraft). Til dømes hjå Statens Vegvesen, fylkeskommunane, Bane Nor, Contexo, Mesta og Veidekke.
- Areal- og samfunnsplanlegging. Til dømes hjå Statsforvalteren, NVE, fylkeskommunane og kommunane
Lønn: Kva tener ein geolog?
Ein geolog tener i gjennomsnitt 1 208 400 kr i året, i følgje utdanning.no.
Utveksling
Australia | James Cook University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10489
Canada | Trent University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10390
Nederland | Wageningen University & Research (WUR) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10295
Nederland | Van Hall Larenstein University of Applied Sciences (VHL) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10375
Polen | Wroclaw University of Environmental and Life Sciences (WUELS) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10415
Spania | University of Oviedo | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10236
USA | California State University Monterey Bay (CSUMB) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10491
USA | Western Washington University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10517
Østerrike | University of Natural Resources and Life Sciences, Vienna (BOKU) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10058