Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.


Om studiet
Kva for pedagogisk potensiale ligg i friluftslivsaktivitetar i ulik natur? Gjennom ekskursjonar i den vakre Sunnhordlandsregionen, vil du i denne vidareutdanninga få kunnskap og erfaring med flora og fauna.
Kvifor studere friluftsliv i kystnære naturmiljø?
Friluftsliv fremmar fysisk aktivitet og sunn livsstil. Faget gir deg ei unik moglegheit til å la elevar lære gjennom praktisk erfaring. Med vidareutdanning i friluftsliv, vil du som er lærar få meir kompetanse om korleis du kan planlegge og gjennomføre tverrfaglege aktivitetar i kystnatur, på ein trygg og ansvarleg måte.
Kva lærer du?
Ved å gjennomføre denne vidareutdanninga, vil du mellom anna:
- Få kunnskap om naturtypar langs kysten (havstrand, kystfuruskog, fjell), som har læringsmiljø i tverrfagleg samanheng.
- Kunne planlegge og gjennomføre tverrfaglege aktivitetar i kystnatur på ein trygg og ansvarleg måte.
- Kunne vurdere analytisk korleis natur og friluftslivaktivitetar kan bidra til heilskapleg utvikling og læring hos barn og unge.
Les meir om kva du lærer og eksamen.
Målgruppe
Vidareutdanninga passar for deg som arbeider i skule, barnehage eller andre verksemder, der ein har fokus på undervising og opplæring av barn og unge ute i naturen.
Utdanninga er til dømes veldig relevant for deg som er lærar, pedagog eller assistent i barnehage og skule, eller for deg som jobbar som barne- og ungdomsarbeidar.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Det er ingen krav til forkunnskapar, men du må vere i god nok fysisk form til å kunne bere eige utstyr på ekskursjonar.
I samband med ekskursjonar må du vera førebudd på å betale ein eigenandel.
Hvordan søke:
- Logg inn i Søknadsweb
- Velg opptak "Lærer, barnehagelærer, og tolking"
- Så velger du "Videreutdanning vår 2025"
- Velg studiet du vil søke på fra listen.
- Trykk på "Legg til" og "Send inn søknad"
- Last opp dokumentasjon på at du dekker opptakskravet
- Trykk "Neste" for å gjøre ferdig søknaden.