Fakta
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
3. februar 2023.


Om studiet
Vil du ha ein jobb der du kan vere ute i naturen? Med ein bachelor i friluftsliv får du dei kunnskapane og ferdigheitene som trengst for å formidle natur- og meistringsglede til andre menneske.
Kvifor studere bachelor i friluftsliv?
Gjennom teori, praksis og ekskursjonar får du ei utdanning som gjer at du kan inspirere andre og gi gode naturopplevingar til menneske i ulike aldrar og livssituasjonar.
Ved campus Sogndal har du den flotte naturen rett utanfor døra. Som friluftslivstudent får du bruke fjorden og fjella som ein naturleg del av utdanninga di, mellom anna gjennom fordjuping i aktivitetar som ski, klatring, havkajakk og brevandring. Den korte vegen til Sogndalsfjella, Sognefjorden og Jotunheimen, lang snøsesong og gode lærings- og treningsfasilitetar på campus, dannar ei unik ramme for klasseromma vi brukar i undervisninga.
Studiets oppbygging
Korleis er undervisninga?
Undervisnings- og læringsformene er varierte og vil veksle mellom forelesingar, ekskursjonar, gruppe- og individuelt arbeid og bruk av digitale læringsplattformer.
Gjennom studiet lærer du:
- å planlegge og gjennomføre turar i ulike miljø (padling, klatring, ski, bre og fotturar)
- å tilpasse turar for ulike grupper og med ulike ferdigheiter
- grunnleggande praktiske ferdigheiter i friluftsliv sommar og vinter
- om teoretisk perspektiv på friluftslivets historie, friluftsliv i dagens samfunn, naturfilosofi, friluftslivspedagogikk og -forvaltning.
- å bruke vitskapleg litteratur i arbeid med bacheloroppgåva og andre oppgåver
Praksis i friluftsliv
I andre studieår har du tre veker praksis. Den eine veka er praksis knytt til friluftslivsundervisning i skulesamanheng. Den andre veka er relatert til bruk av friluftsliv i institusjonssamanheng, med personar som har fysiske eller psykiske helseutfordringar.
Meir informasjon om praksis i friluftsliv
Søke opptak direkte til 2. studieår?
Har du årsstudium i idrett, personleg trenar eller anna relevant utdanning, kan du søke opptak direkte til 2. studieår. Du søker opptak til 2. år gjennom vår Søknadsweb.
Utveksling
Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 5. semester.
Opptaksinformasjon
https://www.hvl.no/student/politiattest/Studiet har krav om politiattest.
Karrieremuligheter
Kva kan du jobbe med?
Utdanninga gir deg kompetanse til å blant anna jobbe
- på folkehøgskule,
- med friluftsliv i helsesektoren
- med naturbasert turisme
- i lag og organisasjonar som DNT og friluftslivsråd
Ønskjer du å jobbe vidare med forsking knytt til fysisk aktivitet og helse kan du bygge på med ei masterutdanning. Med praktisk-pedagogisk utdanning er du kvalifisert til å undervise i kroppsøving og idrettsfag i skulen.
Utveksling
Australia | Queensland University of Technology (QUT) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10100
Australia | University of the Sunshine Coast (USC) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10315
Canada | Trent University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10390
Danmark | University of Southern Denmark | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10481
Danmark | University of Copenhagen (Erasmus+) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10593
Island | University of Iceland | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=500
New Zealand | Auckland University of Technology (AUT) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=591
Storbritannia og Nord-Irland | University of the Highlands and Islands | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10475
Sverige | University of Gothenburg | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=626
Tsjekkia | Charles University, Faculty of Physical Education and Sport | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10583