Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
28. mars 2023.


Om studiet
Kva er forkurs?
Dette kurset er for deg som har yrkesfagleg utdanning, men som manglar generell studiekompetanse. Forkurset er eit eittårig kurs som gir deg moglegheita til å søke opptak til ei ingeniørutdanning eller integrert masterstudium i teknologiske fag. Du kan søke støtte frå Lånekassen for å ta forkurset.
Faga som inngår i kurset er:
- Matematikk
- Fysikk
- Norsk
- Engelsk
- Teknologi og samfunn
Forkurset er i Bergen. Du kan også ta nett- og samlingsbasert forkurs.
Studiets oppbygging
Korleis er undervisninga?
Det blir lagt opp til varierte undervisningsformer som krev aktiv deltaking. Undervisninga skjer normalt på dagtid i vekedagane. I løpet av året vil det kunne bli ei helg med lab-forsøk i fysikk. Alle fag har obligatoriske innleveringsoppgåver.
Det er Metis Privatistskole Bergen som står for gjennomføringa av forkurset til ingeniørutdanning, på vegne av Høgskulen på Vestlandet. Metis sine lokale ligg i Lars-Hilles gate 15/17. Sjå nettsida til Metis
Kva er forskjellen på forkurs og realfagskurs?
Forkurset er for deg som ikkje har generell studiekompetanse, og inneheld derfor fleire fag enn realfagskurset: matematikk, fysikk, norsk, engelsk og teknologi og samfunn.
Realfagskurset er for deg som har generell studiekompetansese, men manglar realfaga, altså matematikk og fysikk.
Sjølv om forkurset blir gjennomført av Metis, betaler du berre semesteravgiften. Det er ingen ekstra studieavgift.
Opptakskrav
Fullført og bestått VG1 og VG2 frå yrkesfaglege utdanningsprogram eller fag-/sveinebrev eller realkompetanse
Karrieremuligheter
Kva blir du kvalifisert for?
Forkurset er eit eittårig kurs som gir deg moglegheita til å søke opptak til ei ingeniørutdanning eller integrert masterstudium i teknologiske fag.
Etter bestått forkurs vil du konkurrere i forkurskvota. På treårige ingeniørutdanningar er inntil 20 prosent av studieplassane reserverte for søkarar som har tatt alle faga i forkurset. Har du fritak i eitt eller to fag, vil du ikkje konkurrere i forkurskvota. Forkurset må vere godkjent.
Forkurset kvalifiserer ikkje for opptak til bioingeniørutdanning.