Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
17. mars 2023.


Om studiet
Kven passar studiet for?
Engelsk 1, 5-10 rettar seg i hovudsak mot deg som er lærar på mellom- og ungdomsskuletrinnet, og som manglar formell kompetanse i engelsk frå før.
Kva lærer du?
Studiet har to emne som bygger på kvarandre, emne 1 blir undervist i haustsemesteret og emne 2 i vårsemesteret.
Studiet omfattar kunnskap om det engelske språket sin grammatiske og fonologiske struktur og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og aktivt ordforråd. I tillegg gir studiet innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.
Den praktiske erfaringa til studentane vert trekt inn i emnet, og det er eit mål at studiet skal tilføre skulen du underviser på oppdatert fagleg og didaktisk kompetanse.
Studiets oppbygging
Opptakskrav
Lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, barnehage-/førskulelærar eller praktisk-pedagogisk utdanning). Du må være tilsett i ei lærarstilling.
Kravet om bestått lærarutdanning kan fråvike dersom du berre manglar faget du søker på, for å få fullført lærarutdanninga di.
Om du søker dispensasjon fra opptakskravet, må det foreligge stadfesting frå tidlegare studiestad om at studiet du søker opptak til kan inngå i og føre til avslutta lærarutdanning.