Nøkkelinformasjon

Lærestedets logo
Lærestedets logo

Studiested

Sogndal

Nivå

Årsstudium

Studiepoeng

60

Semester

2

Søknadsfrist

20 april, kl 14:00

Opptakskrav

GENS

Poenggrenser 2022

  • Alle (primær)
  • Alle (ordinær)

Studieplasser

30

Søknadskode (SO)

203170

Informasjonen kommer fra Samordna Opptak.

Om studiet

I eit stadig meir internasjonalt samfunn vil årsstudium i engelsk vere nyttig i mange samanhengar. I store delar av arbeidslivet vil gode engelskkunnskapar vere etterspurd. Ved vidare studium vil du vere godt rusta til å lese engelsk pensumlitteratur og ta eit studieopphald i utlandet.

Kva lærer du?

Gjennom studiet får du innsikt i språk, litteratur, historie og samfunnstilhøve i den engelsktalande verda, og betrar dine eigne språkferdigheiter og tileignar deg god tekstkompetanse.

Korleis er undervisninga lagt opp?

Undervisningsspråket i studiet er engelsk. Undervisnings- og læringsaktivitetar inkluderer førelesingar, seminar, gruppearbeid og individuelt arbeid, digitalt og på campus. Alle modulane i studiet krev at du tek aktivt del i undervisinga. Les meir om undervisningsmåtar, arbeidskrav og vurderingsformer i emneplanane.

Årsstudium i engelsk kan inngå som studiepoeng i ulike bachelorutdanningar, og dannar grunnlag for å fortsette på ei bachelorutdanning innan engelsk. Les meir om dei ulike retningane i studieplanen.

Studiets oppbygging

Utveksling

I studiet får du moglegheit til å reise på ein studietur til Det norske studiesenteret i York (NSC).

Studiet er ope for innreisande studentar, som tek 30 eller 60 studiepoeng ved HVL.

Karrieremuligheter

Vil du studere meir?

Årsstudium i engelsk dannar grunnlag for å fortsette på ei bachelorutdanning innan engelsk.