Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.
Om studiet
Denne videreutdanninga er for pedagogar i skule, barnehage og kulturfelt.
Kvifor studere Dramapedagogikk og teaterproduksjon?
Kunnskap innan dramapedagogikk og teaterproduksjon vil stryke deg som pedagog. Studiet vil gi deg kunnskap om korleis du aktivt kan bruke kreativitet i læringsprosessar. Styrk din evne til å kommunisere effektivt med elevane.
Kva lærer du?
Gjennom studiet får du mogelegheit til å utvikle deg i arbeid med dramapedagogiske læringsformar og uttrykksformar frå teater. Som student får du erfare og lære om kreative og estetiske læreprosessar og korleis du sjølv kan utvikle dette, med ulike grupper og alderstrinn i barnehagar, skular /kulturskular, institusjonar og kursverksemder der drama/teater står sentralt. Skaperglede, engasjement og utforskertrang vil ligge som bakgrunn for studiets hovedfokus (ref.Strategidokument fra Regjeringa).
- Dramatiske og performative uttrykksformar og formidling
- Teaterproduksjon med fokus på kollektive prosessar med barn og unge
- Fagdidaktiske strategiar med vekt på individuelle og kollektive utforskande, kreative og estetiske læreprosessar
Du finn meir informasjon i emneplanen for KUN805 Dramapedagogikk og teaterproduksjon - videreutdanning for pedagogar i skule, barnehage og kulturfelt.
Emnet kan gjennomrøres på oppdrag. Ta kontakt dersom dette er aktuelt for din organisasjon. Kontakadresse: evo-flki@hvl.no
Målgruppe
Pedagogar som arbeider med drama og teater som fag eller metode i skule, barnehage, kulturskule og frivillig kulturliv.
Dette er eit av fleire frittståande emne som Institutt for kunstfag ved HVL tilbyr.
Opptakskrav
Tilrådde forkunnskapar: Utdanning i kunstfag og/eller erfaring med undervisning eller leiing av andre opplæringsaktivitetar i kultur- og kunstfeltet
Studietypenummer: 8515