Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.
Om studiet
Arbeider du i første- eller andrelinja i helse- og sosialtenesta, og ønskjer å utvikle vurderings- og handlingskompetansen din? Denne vidareutdanninga fokuserer på førebygging, diagnostisering og behandling av demens og psykiske lidingar som opptrer i høg alder.
Kvifor studere Demens og psykiske lidingar blant eldre?
Ved å studere Demens og psykiske lidingar blant eldre vil du få spesiell kompetanse innan fagområda psykiatri, geriatri og gerontologi – slik at du kan yte gode tenester til to pasientgrupper som vil bli større og større for kvart år som går.
Kva lærer du?
Etter å ha gjennomført studien vil du ha kunnskap om:
- Demens- og alderspsykiatrisk utgreiing og behandling
- Kommunikasjon, samhandling og miljøtiltak
- Alderspsykiatriske tenester i første- og andrelinjetenesta
Les mer i emneplan om hva du lærer.
Målgruppe
Vidareutdanninga er for deg som jobbar i første- eller andrelinja i helse- og sosialtenesta.