Fakta

Sted:
Førde
Haugesund
Bergen
Stord
Sogndal
Studietype:
Forskerutdanning/PhD
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
180

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

1. februar 2023.

Om studiet

Denne doktorgradsutdanninga rettar seg mot deg som vil kvalifisere deg for forsking og vitskapleg arbeid på høgt internasjonalt nivå. Programmet legg vekt på forsking relatert til prosjektering av system og bruk av datateknologi i tverrfagleg forsking.

Feltet programvareteknikk handlar om ingeniørprinsippa for design, utvikling, evaluering, distribusjon og vedlikehald av programvare og programvaresystem.

Feltet sensornettverk handlar om teknikkar, maskinvare- og programvareplattformar som etablerer kommunikasjonsinfrastruktur mellom nettverksbaserte sensoreiningar.

Feltet ingeniørdatahandsaming handlar om utvikling og bruk av matematiske modelleringsteknikkar, programvare og dataplattformer for å løyse komplekse problem innan ingeniørfag.

Her finn du meir informasjon om doktorgradsprogrammet.

Studiets oppbygging

Utveksling

Forskingsmiljøet som er ansvarleg for ph.d.-programmet har omfattande internasjonale samarbeid, inkludert forskingssamarbeid og rettleiing av ph.d.-kandidatar. Som ph.d.-kandidat vil du få moglegheit til å presentere forskingsarbeid som del av seminar og møte med internasjonale gjestar, og til å delta i diskusjon med andre forskarar på feltet.

Ph.d.-studia inkluderer eit obligatorisk 3-6 månader langt besøk til ein internasjonal forskargruppe. Dispensasjon frå dette blir berre gitt i ekstraordinære tilfelle og er betinga av godkjenning av programkomiteen.

Karrieremuligheter

Kva blir du kvalifisert for?

Avhengig av kva for spesialiseringsområde du vel, vil du få toppmoderne forskingskunnskap, ferdigheiter og kompetanse innanfor eitt eller fleire forskingsområde: Modelldrevne ingeniørtilnærmingar for utvikling av programvaresyste, effektive kommunikasjonsinfrastrukturar for nettverksbaserte og innebygde sensorsystem, avansert matematisk modellering og tilhøyrande berekningsteknikkar for problemløysing innan engineering, og teknikkar for prosessering og analyse av massive datasett frå vitskapelege eksperiment.

Programmet gjer det mogleg å forfølge ein forskarkarriere i akademia, så vel som i industrien, knytt til bruk av informatikk i ingeniørfag, vitskap og samfunn.

Utveksling

Frankrike | Université Sorbonne Paris Nord | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=781

India | Coimbatore Institute of Technology | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10005

Italia | University of Turin | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10529

Polen | University of Warsaw | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10002

Spania | Autonomous University of Madrid | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10013

Tyskland | Philipps-University of Marburg | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10012

Tyskland | University of Applied Sciences Hannover | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10533

Alle utdanninger innen