Fakta

Sted:
Bergen
Studietype:
Bachelor, 3 år
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
180
Søknadsfrist: 15. april
Opptakskrav: HING
Poenggrenser 2025:
  • Alle (primær)
  • Alle (ordinær)
Studieplasser: 100
Nettbasert: Nei
Samlingsbasert: Nei
Deltid: Nei
Søknadskode (SO): 203004

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

.

Om studiet

Har du sans for matematisk, logisk og systematisk tankegang? Har du lyst til å utvikle digitale løysingar? Likar du å samarbeide med andre? Då kan dataingeniør vere studiet for deg!

Kvifor studere dataingeniør?

Digitaliseringa i samfunnet skjer i rekordfart og behovet for arbeidskraft innan datateknologi er stort. Som dataingeniør kan du vere med på å utvikle og digitalisere framtida.

Datasystem blir brukt på dei fleste områda i samfunnet, frå helse og omsorg, til finans og media, handel og energiforsyning. Ein dataingeniør jobbar ofte i tverrfaglege prosjekt saman med andre fagfolk. 

Gjennom studiet lærer du om korleis datamaskiner fungerer. Du lærer å programmere og å utvikle programvare til alt frå enkle appar til store IT-system. Ei rekkje tema knytt til konstruksjon og drift av IT-system er også ein viktig del av studiet.

Du lærer: 

  • grunnleggande programmering
  • korleis ein kan samarbeide om større programmeringsoppgåver
  • korleis ulike einingar kan knytast saman i nettverk
  • om databasar og web-baserte system
  • om algoritmar, nye teknologiar og trendar som til dømes VR-teknologi, datagrafikk, kunstig intelligens og stordata
  • kunnskap som er nyttig i samband med spelutvikling

I siste del av studiet kan du velje mellom fleire med spennande spesialiseringar

  • Programutvikling og -arkitektur
  • Drift av datasystem og skyløysingar
  • Web- og mobilteknologi
  • Datagrafikk og brukarinteraksjon
  • Kunstig intelligens og algoritmar

Du kan studere dataingeniør i Bergen.

Kva er forskjellen på dataingeniør og informasjonsteknologi? 

Dataingeniørutdanninga har dei same samfunns- og IT-faga som bachelorutdanninga i informasjonsteknologi, og den IT-faglege kompetansen i dei to studia er den same. Hovudskilnaden mellom dei ligg i nokre av matematikkfaga og i opptakskrava.

Bachelorutdanninga i dataingeniør er eit ingeniørstudium som følgjer den nasjonale rammeplanen for ingeniørstudium. I tillegg til dei tekniske faga, er det eit vesentleg innslag av realfag og samfunnsfag. Viss du vil bli sivilingeniør, må du ta dataingeniørutdanninga for å kunne søke vidare på masterutdanninga. 

Opptakskrav

Generell studiekompetanse. I tillegg må du ha matematikk R1+R2 og fysikk 1.

Bestått forkurs oppfyller kvalifikasjonskrava. Bestått teknisk fagskole frå tidlegare strukturar oppfyller kvalifikasjonskrava. Søkarar med bestått teknisk fagskule etter lov om fagskular av 2003 må ta matematikk R1+R2 og fysikk 1 i tillegg.

Les meir om våre forkurs her.

Karrieremuligheter

Kva kan du jobbe med?

Det finst IT-relaterte jobbar og arbeidsoppgåver innan nær sagt alle bransjar, og alle greiner av det offentlege. Du kan få jobb i programvarehus eller konsulentfirma som utviklar IT-system for næringslivet eller offentleg forvaltning. Du kan også få jobb innan IT-drift i ei større verksemd, eller du kan få sjølvstendig ansvar knytt til IT i ei mindre verksemd.

Å arbeide med IT er svært varierande og omfattar arbeidsoppgåver som programmering, testing og utforming av brukargrensesnitt. Webbaserte system og mobile løysingar for smarttelefonar, nettbrett og liknande er aktuelt i dei fleste bransjar, og mange vil arbeide med å utvikle slike system. Innkjøp, installering, brukarrettleiing og drift av datautstyr og programvare er også typiske arbeidsoppgåver.

Lønn: Kva tener ein dataingeniør?

Som dataingeniør er det månge ulike jobber du kan ha. F.eks. tener ein IT-arkitekt i gjennomsnitt 924 480 kr og ein programvareutviklar tener 914 160 kr i året. Les meir om lønn på utdanning.no.

Utveksling

Australia | Queensland University of Technology | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10100

Australia | Griffith University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=309

Belgia | Thomas More University of Applied Sciences | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=815

Canada | University of New Brunswick | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=504

Frankrike | Université Sorbonne Paris Nord | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=781

New Zealand | Auckland University of Technology (AUT) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=591

Spania | Autonomous University of Madrid | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10013

Spania | University of Extremadura (UEX) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10056

Spania | Mondragón University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10255

Spania | University of Malaga | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10513

Spania | Polytechnic University of Valencia (UPV) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=776

Spania | Complutense University of Madrid | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=819

Sør-Korea | Myongji University, Seoul | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10286

Tsjekkia | Czech Technical University in Prague | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10035

Tsjekkia | University of Hradec Králové | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10040

Tyskland | Philipps-University of Marburg | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10012

Tyskland | University of Lübeck | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10048

Tyskland | University of Applied Sciences Mittweida | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=756

Tyskland | HTWG Konstanz University of Applied Sciences | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10650

USA | San Diego State University (SDSU) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10462