Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
29. september 2023.


Om studiet
Welcome to the master’s program in Climate Change Management.
Kvifor studere Climate Change Management?
Med kort veg til fjord, fjell, isbrear og skred- og flaumutsett
terreng,
er Sogndal det perfekte laboratoriet for å
studere klimaendringar,
I Sogndal kjem du også tett på eit internasjonalt forskingsmiljø
med brei kompetanse innan klima, natur og berekraft.
Vi ser på klimautfordringar og klimatilpassing gjennom ei
holistisk tilnærming, der både naturvitskaplege og
samfunnsvitskaplege perspektiv blir vektlagd. I masteroppgåva di
kan du spesialisere deg innan eit tema du interesserer deg
spesielt for.
Du lærer om
- klimaendringar, og korleis desse påverkar samfunn og økosystem
- samfunnsomstilling, klimapolitikk, forbrukaråtferd og sirkulærøkonomi
- klimamodellar og klimaprojeksjonar for å analysere og vurdere ulike framtidsscenario
- omstilling av energiproduksjon, energiforbruk og energisystem i ei klimavennleg retning
- nødvendige omsyn til blant anna skred og flaum i arealplanleggingsarbeid
- positive og negative samspeleffektar mellom klimaendringar, klimatiltak, naturkrise og berekraftig utvikling
- naturbaserte løysingar til klimautfordringar
Studiets oppbygging
Korleis er undervisninga?
Vi har forelesingar, ekskursjonar, feltarbeid, arbeid i laboratorium og prosjektarbeid.
Dette er ein internasjonal master med både norske og utanlandske
studentar, noko som gir deg ein unik moglegheit for
erfaringsutveksling. All undervisning er på engelsk. Du kan
skrive masteroppgåva på norsk eller engelsk.
Vi har blokkundervisning, det vil seie at vi jobbar med eit emne
om gongen og avsluttar med eksamen, før vi begynner på neste
emne.
Utveksling
Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet i 2. semester. Her kan du fordjupe deg i eit emne du interesserer deg særleg for.
Opptakskrav
Alle tre krava må vere oppfylte:
- Bachelorgrad, eller tilsvarande, i naturvitskap,
samfunnsvitskap, teknologi eller ingeniørfag med minimum 80
studiepoeng i:
• Miljøvitskap
• Politikk og forvalting
• Grøn teknologi og omstilling
• Geovitskap og naturfarar
eller ein kombinasjon av desse - Samla karakter på grunnutdanninga må vere C eller betre.
- Søkarar med utdanning frå land utanfor Norden må dokumentere engelsk jamfør § 2.1 (4) i forskrift om opptak til HVL.
Karrieremuligheter
Kva kan du jobbe med?
- Planleggar i offentleg sektor (innan kommune, region, vegvesen og fagdirektorat)
- Miljø-, klima- og energirådgivar i privat sektor, offentleg sektor eller i organisasjonar
- Forsking og undervisning
Eksempel på arbeidsoppgåver:
- Utvikling av strategiar og tiltak for å redusere utslepp av klimagassar
- Planlegging av kva areal som kan brukast til veg, jernbane og bustader
- Rådgiving om korleis areal bør vere utforma for å unngå skadelege effektar av flaum, skred og andre klimarelaterte hendingar.
- Forskings- og utviklingsaktivitetar retta mot klimaløysingar
Utveksling
Island | University Centre of the Westfjords | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10485
Italia | University of Turin | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10529
Tyskland | Carl von Ossietzky University of Oldenburg | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10356
Tyskland | Bingen University of Applied Sciences | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10370