Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
.
Om studiet
Byggingeniørar planlegg, prosjekterer og leier arbeidet med nye bygg, anlegg, vegnett og infrastruktur. I Førde kan du ta byggingeniør-utdanning gjennom y-vegen. Da kan du gå frå fagbrev til ingeniør på 3 år!
Studiet er avlyst for hausten 2024.
Kvifor bli byggingeniør?
Vil du bidra til å skape nye tekniske løysingar og utforme omgjevnadane i samarbeid med andre? Som byggingeniør vil du få eit spennande yrke med mange moglegheiter.
På studiet lærer du å:
- planlegge og gjennomføre bygg- og anleggsprosjekt
- vurdere økonomi, miljø og samfunn i samanheng med teknologi
- jobbe i tverrfaglege grupper og gjennomføre prosjektarbeid
Byggingeniør-utdanninga består i hovudsak av tekniske fag, realfag og noko samfunnsfag. I tillegg til dei obligatoriske faga kan du velje mellom ulike valfag.
I 2. studieår kan du velje å spesialisere deg innan prosjekt- og byggeleiing.
Kva er y-vegen?
I Førde kan du bli byggingeniør gjennom den såkalla y-vegen. Dette passar for deg som har yrkesfagleg utdanning med relevant fagbrev.
Du startar med eit mattekurs på 6 veker (måndag-fredag) sommaren før du begynner på utdanninga. Sommarkurset 2024 startar 24. juni og har eksamen 2. august. Du tar fysikken første semesteret, og norsk i løpet av det første året.
Ved å ta y-vegen blir du ingeniør på 3 år.
Ønsker du å ta y-vegen, søker du direkte til HVL gjennom Søknadsweb og ikkje gjennom Samordna opptak.
Studiets oppbygging
Studentjobb i Førde
Få jobb mens du studerer! I Førde har du moglegheita til å få ein relevant deltidsjobb ved sida av studia. Les meir om studentjobb.
Korleis er undervisninga?
Arbeidsformene varierar mellom forelesingar, gruppearbeid, laboratorieøvingar, ekskursjonar og prosjektarbeid med rettleiing.
Ein del av emna har nettundervising saman med studentane på byggingeniørstudiet i Bergen.
Den avsluttande bacheloroppgåva blir som regel utført i små grupper. Prosjektet omfattar ei konkret ingeniørfagleg arbeidsoppgåve, ofte i samarbeid med næringslivet i førderegionen.
Praksis
Det er moglegheiter for å få godkjend praksis om sommaren mellom 4. og 5. semester.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er lagt til rette for utvekslingsopphald i løpet av studietida.
Vidare studium etter fullført utdanning
Etter fullført bachelor i byggingeniør kan du søke deg inn på følgande masterutdanningar på HVL:
- Master i ansvarleg innovasjon og berekraftig verdiskaping
- Master i areal og eigedom
- Master i berekraftig energiteknologi (sivilingeniør)
- Master i anvendt datateknologi og ingeniørvitskap (sivilingeniør)
- Master’s in Fire Safety
Du kan også studere vidare på ulike mastergradsstudium nasjonalt eller internasjonalt.
Opptakskrav
Du må ha eitt av følgjande:
1) Relevant vidaregåande yrkesfagleg utdanning med læretid i bedrift og relevant fagbrev innan bygg- og anleggsteknikk.
ELLER
2) Relevant vidaregåande yrkesfagleg utdanning innan bygg- og anleggsteknikk med fagprøve etter 3-årig skule og minst eitt års praksis etter fagprøven.
Søkarar som kan dokumentere at dei skal gjennomføre fag-/svenneprøve etter fristen kan bli tildelt plass på vilkår om bestått prøve.
Karrieremuligheter
Kva kan du jobbe med?
Som byggingeniør har du eit stort spekter av jobbmoglegheiter. Byggingeniøren kan mellom anna arbeide i:
- entreprenørbedrifter
- rådgjevande ingeniørbedrifter
- tekniske etatar i stat og kommune
- private eigedomsfirma
- eigedomsforvaltarar
- byggeindustrien
- byggevarefirma
- bransjeorganisasjonar
- forsking og undervisning
Du jobbar både ute på anlegg og inne på kontor med administrative oppgåver.
Lønn: Kva tener ein byggingeniør?
I følge utdanning.no tener ein byggingeniør i gjennomsnitt 732 480 kr i året.