Fakta

Sted:
Bergen
Studietype:
Bachelor, 3 år
Studietempo: Heltid
Oppstart: 14. august
Studiepoeng:
180
Opptakskrav: BIOI
Poenggrenser 2022:
  • 49.90 (primær)
  • 52.90 (ordinær)
Studieplasser: 60
Søknadskode (SO): 203702

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

1. februar 2023.

Om studiet

Ein bioingeniør samlar inn og analyserer biologisk materiale som til dømes blod eller vev. Resultata er avgjerande for å kunne stille korrekte diagnosar og gi rett behandling av sjukdom.

Kvifor studere bioingeniør?

Som bioingeniør har du ansvar for å utføre analysar og kvalitetssikre analyseresultata. Bioingeniøren bidrar til at ei rette diagnosane blir stilt, ved å overvake ulike former for medisinsk behandling.

Kva gjer ein bioingeniør?

Bioingeniørar har pasientkontakt ved blodprøvetaking, opplæring og rettleiing av ulike pasientgrupper. Du arbeider sjølvstendig, men samarbeider òg med andre bioingeniørar og anna helsepersonell.

Du kan studere bioingeniør på heiltid ved campus Bergen.

Studiets oppbygging

Korleis er undervisninga?

I bioingeniør-utdanninga får du utvikla medisinske, tekniske og metodiske kunnskapar og ferdigheiter. Du vil òg trene på viktige ferdigheiter som kommunikasjon, formidling og samarbeid.

Du får både teoretiske undervisning og laboratoriekurs.

Praksis for bioingeniør

I alle tre studieåra på bioingeniør-utdanninga får du rettleia praksis ved ulike medisinske laboratorium i Helse Vest. Her får du høve til å bli betre kjend med dei ulike medisinske laboratoria si rolle i helsevesenet og med sjølve yrket.

Her finn du informasjon om praksis.

Utveksling

Som bioingeniørstudent ved HVL, kan du kan søke om å reise til ein av våre internasjonale samarbeidspartnarar for å utføre bacheloroppgåva i 6. semester. I nokre tilfelle kan du utvide utvekslingsopphaldet og i tillegg gjennomføre eksterne praksisstudium ved den samarbeidande utdanningsinstitusjonen.

Opptaksinformasjon

Du bør vere vaksinert mot tuberkulose (BCG) før du startar på studiet. https://www.hvl.no/student/medisinsk-testing/Sjå informasjon om medisinsk testing.

https://www.hvl.no/student/politiattest/Studiet har krav om politiattest fra 2021

Karrieremuligheter

Kva kan du jobbe med?

Utdanninga kvalifiserer til autorisasjon som bioingeniør etter lov om helsepersonell.

Som bioingeniør kan du arbeide innan alle typar av medisinske laboratorium, med moglegheit for ytterlegare spesialisering etter ferdig utdanning (spesialistgodkjenning - NITO) .

Som bioingeniør kan du jobbe

  • i laboratorium på sjukehus og i primærhelsetenesta
  • innan medisinsk industri
  • med miljøretta helsevern eller smittevern
  • innen medisinsk forsking
  • med dyrevelferd
  • med forvaltning i offentleg sektor

Lønn: Kva tener ein bioingeniør?

Sjå kva ein bioingeniør tener på utdanning.no sin lønnsstatistikk.

Utveksling

Belgia | AP University of Applied Sciences and Arts | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10239

Finland | Turku University of Applied Sciences | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=791

Hong Kong | The Hong Kong Polytechnic University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10016

Portugal | Polytechnic Institute of Coimbra | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=768

Sverige | Umeå University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=807

Sør-Afrika | Cape Peninsula University of Technology (CPUT) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=510

Ungarn | Eötvös Loránd University (ELTE) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=808

Alle utdanninger innen