Fakta

Sted:
hvl.no
Studietype:
Enkeltemne
Studiepoeng:
15

Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet

24. april 2024.

Om studiet

Fysisk inaktivitet hjå barn og skulifisering av barnehagen er trendar som pregar samfunnet. Denne vidareutdanninga er for deg som jobbar i barnehage og som ønsker både teoretisk og praktisk kunnskap om korleis du kan fremme bevegelse, leik og utforsking – og såleis bidra til barn si utvikling, læring, helse og trivsel.

Kvifor studere Bevegelse, leik og utforsking i barnehagen?

I denne vidareutdanninga vil du auke kompetansen din når det kjem til samanhengar mellom bevegelse, leik og utforsking på den eine sida, og barna si heilskaplege utvikling, læring, helse og trivsel på den andre. Du vil også lære om korleis barnehagen kan leggje til rette for og integrere bevegelse, leik og utforsking i ulike fagområde. Pedagogisk utviklingsarbeid er sentralt, der kompetansen du utviklar delast i eigen barnehage og med andre barnehagar

Kva lærer du?

Ved å gjennomføre denne vidareutdanninga vil du: 

  • Få tverrfagleg teoretisk kunnskap om bevegelse, leik og utforsking, og ulike perspektiv på korleis desse omgrepa kan forståast
  • Lære å leggje til rette for, støtte og utvikle barn sin bevegelse, leik og utforsking.
  • Arbeide med å planleggje, gjennomføre og kritisk reflektere over tiltak for bevegelse, leik og utforsking i barnehagen.

Les meir om kva du lærer i emneplanen

Målgruppe

Tilsette i barnehagar som deltek i MoveEarly

Opptakskrav

Barnehagelærarutdanning/førskulelærarutdanning. Tilsette med lærarutdanning (grunnskule-/allmennlærar, faglærar, eller praktisk-pedagogisk utdanning) er og kvalifiserte. Andre tilsette i barnehagane med anna relevant 3-årig bachelorutdanning utan PPU kan søkje opptak.

Deltakarane i utdanninga må delta i kompetanseutviklinga i forskingsprosjektet MoveEarly i studieperioden.

Om å søkje opptak
Trykk knappen «Søk studieplass» eller gå inn via søknadsweb. Vel rad for «Oppdrag».