Fakta
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Høgskulen på Vestlandet
4. oktober 2023.


Om studiet
Kvifor studere maskiningeniør?
Som maskiningeniør jobbar du med design, produksjon, drift og vedlikehald av produkt og produksjonsutstyr. Du utviklar også arbeidsmetodar for å produsere og styre produksjonsprosessar.
I bachelorstudiet allmenn maskinteknikk lærer du om dei grunnleggande maskinfaga, som mekanikk, maskindelar, teknisk varmelære, konstruksjonsteknikk, motorar og oljehydraulikk.
Utdanninga er bygd opp i nært samarbeid med industrien på Vestlandet, som har eit kontinuerleg behov for dyktige maskiningeniørar.
Du kan utdanne deg til maskiningeniør ved HVL i både Bergen og i Haugesund. Det kan vere lurt å legge inn
fleire studiestader på søkarlista di.
På Stord tilbyr vi maskin for fagskoleingeniørar.
Studiets oppbygging
Korleis er undervisninga?
Gjennom studiet lærer du å bruke ulike dataverktøy til utrekning, teikning og styring av maskiner og prosessar.
Arbeids- og undervisningsformene varierer noko frå fag til fag. Du har førelesningar, gruppearbeid, praktisk arbeid i laboratorium, og i tillegg sjølvstudium. Ved gruppearbeid og laboratoriearbeid er det krav til fysisk oppmøte. Nokre fag har skriftleg eksamen, medan andre fag kan ha mappevurdering eller munnleg eksamen.
Utveksling
Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Utdanninga legg til rette for at du kan ta eit semester ved eit universitet eller ein høgskule i utlandet, om du ønsker det.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse, Matematikk R1+R2 og Fysikk 1
Bestått forkurs oppfyller kvalifikasjonskrava. Bestått teknisk fagskole frå tidlegare strukturar oppfyller kvalifikasjonskrava. Søkarar med bestått teknisk fagskule etter lov om fagskular av 2003 må ta matematikk R1+R2 og Fysikk 1 i tillegg.
Karrieremuligheter
Kva kan du jobbe med?
Vel du ei utdanning som maskiningeniør, får du ei generell ingeniørutdanning som gjer at du kan få jobb innanfor ei rekke fagfelt. Du kan mellom anna arbeide med konstruksjon, prosjektering, drift og vedlikehald.
For maskiningeniøren er det gode jobbar mellom anna i industrien, oljerelatert verksemd, offentleg verksemd, privat konsulentverksemd og salsservice.
Lønn: Kva tener ein maskiningeniør?
I følgje utdanning.no tener ein maskiningeniør i gjennomsnitt 686 000 kroner i året.
Utveksling
Australia | Queensland University of Technology | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10100
Australia | University of the Sunshine Coast (USC) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10315
Australia | James Cook University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10489
Australia | Griffith University | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=309
Canada | University of New Brunswick | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=504
New Zealand | Auckland University of Technology (AUT) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=591
Polen | Cracow University of Technology (CUT) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=740
Spania | Polytechnic University of Valencia (UPV) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=776
Tyskland | Kempten University of Applied Sciences | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10516
USA | California State University - Bakersfield (CSUB) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10543
USA | San Diego State University (SDSU) | https://www.hvl.no/student/utveksling/utvekslingsstad/?id=10462