Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Lavere nivå
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
5

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

.

Om studiet

I vitskapsteori vert det mellom anna lagt vekt på hermeneutikk, positivisme og konstruktivisme.Delen om metodologi vert på eit overordna nivå der vi ser på korleis ulike metodar står i forhold til kvarandre og korleis dei heng saman med dei vitskapsteoretiske posisjonane. Meir konkret innføring i viktige forskingsmetodar kjem i DRUSK903 - med vidare fordjuping i valfrie emne.I arbeidet med etikk er målet å utvikle refleksjon kring eiga forskarrolle og dei etiske utfordringane som ligg implisitt i ulike vitskapsteorietiske posisjonar.

Undervisningsopplegg

Undervisninga er samlingsbasert. På samlingane vert det nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer, slik som førelesingar, seminar, oppgåveløysing og kandidatpresentasjonar. I emnet vert det også lagt opp til arbeid med eksempel frå forskingsprosjekt på det aktuelle fagområdet og dei praktiske implikasjonane ved å arbeide med vitskapsteori, metode og forskingsetiske problemstillingar. Fagfellerespons og tilbakemeldingar vert gjorde på seminar og gjennom skriftleg digital tilbakemelding.

Opptakskrav

Grunnlaget for opptak er mastergrad eller tilsvarande med vekta snittkarakter B eller betre. Kandidatar med 5-årig integrert lærar- eller lektorutdanning må ha vekta snittkarakter B eller betre frå dei to siste åra i utdanninga. I særlege tilfelle kan ein kandidat med snittkarakter under B få opptak, dersom kandidaten kan dokumentere vitskapleg publisering eller anna som viser at kandidaten held høgt fagleg nivå, og som sannsynleggjer at kandidaten er i stand til å fullføre ph.d.-emnet. Utdanninga som dannar grunnlag for opptak må vere relevant for ph.d.-programmet. Normalt er dette humanistiske (inkludert medie- og kulturfaglege), pedagogiske, fagdidaktiske eller samfunnsvitskaplege fag. Søkjarar må kunne dokumentere kunnskap i engelsk og norsk eller eit anna skandinavisk språk

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Åpent for søking Lokalt Høst. Søknadskode: 5008