Fakta
Studieform:
Undervisning ved lærestedet
Studietempo:
Deltid
Studiepoeng:
7
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Du vil mellom anna få kunnskap om humaniora sine tradisjonar og utfordringar, og om grunnlagstenking for skule, kultur og samfunn. Det vert sett eit kritisk blikk på kanoniseringsprosessar, på det ofte manglande transnasjonale perspektivet i nasjonaliseringsprosessar og på minoritets- og kjønnsdiskriminerande praksisar. Les meir om emnet her.
Undervisningsopplegg
Undervisninga er samlingsbasert. På samlingane vert det nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer, slik som førelesingar, seminar, oppgåveløysing og kandidatpresentasjonar. Fagfellerespons og andre tilbakemeldingar blir gitt munnleg på samlingane og skriftleg via læringsplattforma Canvas.
Opptakskrav
Grunnlaget for opptak er mastergrad eller tilsvarande med vekta snittkarakter B eller betre. Kandidatar med 5-årig integrert lærar- eller lektorutdanning må ha vekta snittkarakter B eller betre frå dei to siste åra i utdanninga. I særlege tilfelle kan ein kandidat med snittkarakter under B få opptak, dersom kandidaten kan dokumentere vitskapleg publisering eller anna som viser at kandidaten held høgt fagleg nivå, og som sannsynleggjer at kandidaten er i stand til å fullføre ph.d.-programmet. Utdanninga som dannar grunnlag for opptak må vere relevant for ph.d.-programmet. Normalt er dette humanistiske (inkludert medie- og kulturfaglege), pedagogiske, fagdidaktiske eller samfunnsvitskaplege fag.
Opptaksinformasjon
Søknadstype: Stengt for søking. Søknadskode: 5007