Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Denne erfaringsbaserte mastergraden på deltid er retta mot lærarar som har 60 studiepoeng i samfunnsfag, og som ønskjer å oppnå lektorkompetanse.
Utdanninga er profesjonsretta, og det er lagt opp til at studentane skal sjå praksiserfaringane sine opp imot aktuell fagteori og forsking. Fordjupingsfaget vil bli sett i ein historisk og samfunnsmessig samanheng, og studentane skal utvikle evne til kritisk fagrefleksjon og profesjonsforståing.
Studiet har fire ulike faglege fordjupingar – i norsk, engelsk, matematikk og samfunnsfag. Dette er store og viktige skulefag, og kompetanse i desse faga er etterspurt i skulen. Uavhengig av val av fordjupingsfag vil studentane møte ein del fagovergripande tema. Dette gjeld:
- Tilpassa opplæring
- Vurdering
- Grunnleggande ferdigheiter
- Profesjonsfagleg digital kompetanse
Fordjupinga består av 3 emne på 15 studiepoeng. Samla sett utgjer desse emna den faglege profilen til fordjupingsfaget. Profilen til dei enkelte faglege fordjupingane er skildra i introduksjonen til emneplanane. Emna er forskingsbaserte som betyr at studentane møter lærestoff med perspektiv på både metode og vitskapsteori gjennom heile studiet.
I tillegg er vitskapsteori og metode eit eige emne på 15 studiepoeng. Emnet skal gi studentane innføring i vitskapsteori og metode som dannar grunnlag for å gjennomføre eit forskingsarbeid på masternivå.
Masteroppgåva på 30 studiepoeng avsluttar studiet. Studentane skal planlegge og gjennomføre eit individuelt og sjølvstendig vitskapleg arbeid og dokumentere dette i ei masteroppgåve med krav om vitskapleg framstilling.