Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Denne erfaringsbaserte mastergraden på deltid er retta mot lærarar som har 60 studiepoeng i norsk, og som ønskjer å oppnå lektorkompetanse.
Utdanninga er profesjonsretta, og det er lagt opp til at studentane skal sjå praksiserfaringane sine opp imot aktuell fagteori og forsking. Fordjupingsfaget vil bli sett i ein historisk og samfunnsmessig samanheng, og studentane skal utvikle evne til kritisk fagrefleksjon og profesjonsforståing.
Studiet har fire ulike faglege fordjupingar – i norsk, engelsk, matematikk og samfunnsfag. Dette er store og viktige skulefag, og kompetanse i desse faga er etterspurt i skulen. Uavhengig av val av fordjupingsfag vil studentane møte ein del fagovergripande tema. Dette gjeld:
- Tilpassa opplæring
- Vurdering
- Grunnleggande ferdigheiter
- Profesjonsfagleg digital kompetanse
Fordjupinga består av 3 emne på 15 studiepoeng. Samla sett utgjer desse emna den faglege profilen til fordjupingsfaget. Emna er forskingsbaserte som betyr at studentane møter lærestoff med perspektiv på både metode og vitskapsteori gjennom heile studiet.
I tillegg er vitskapsteori og metode eit eige emne på 15 studiepoeng. Her får studentane innføring i vitskapsteori og metode som skal gi grunnlag for å gjennomføre eit forskingsarbeid på masternivå.
Masteroppgåva på 30 studiepoeng avsluttar studiet. Studentane skal planlegge og gjennomføre eit individuelt og sjølvstendig vitskapleg arbeid og dokumentere dette i ei masteroppgåve med krav om vitskapleg framstilling.