Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Master, 2 år
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
90

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

.

Om studiet

Den erfaringsbaserte mastergraden er retta mot lærarar som har 60 studiepoeng i matematikk, og som ønskjer å oppnå lektorkompetanse.Utdanninga er profesjonsretta, og det er lagt opp til at studentane skal sjå praksiserfaringane sine opp imot aktuell fagteori og forsking. Fordjupingsfaget blir også sett i ein historisk og samfunnsmessig samanheng. Studiet gir kompetanse for å kunne tilpasse opplæringa i matematikk til ei mangfaldig elevgruppe. Undervisninga er lagt til høgskulen ein til to dagar i veka., full_html

Fordjupinga består av 3 emne på 15 studiepoeng. Samla sett utgjer desse emna den faglege profilen til fordjupingsfaget. Profilen til dei enkelte faglege fordjupingane er skildra i introduksjonen til emneplanane. Emna er forskingsbaserte som betyr at studentane møter lærestoff med perspektiv på både metode og vitskapsteori gjennom heile studiet.I tillegg er vitskapsteori og metode eit eige emne på 15 studiepoeng. Emnet skal gi studentane innføring i vitskapsteori og metode som dannar grunnlag for å gjennomføre eit forskingsarbeid på masternivå. Masteroppgåva på 30 studiepoeng avsluttar studiet. Studentane skal planlegge og gjennomføre eit individuelt og sjølvstendig vitskapleg arbeid og dokumentere dette i ei masteroppgåve med krav om vitskapleg framstilling., full_html

Undervisningsopplegg

Undervisninga er lagt til Høgskulen i Volda og er dialogbasert og forskingsbasert.Studentane skal arbeide i grupper, arbeide med ulike arbeidskrav, oppgåveskriving, litteraturstudium, feltarbeid/datainnsamling og rettleiing.Det vil bli arrangert eit oppstartsseminar, midtvegsseminar og sluttseminar knytt til arbeid med masteroppgåva., basic_html

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Stengt for søking!. Søknadskode: 4533

Anbefalt forhåndskunnskap

Fullført lærarutdanning, 60 studiepoeng i matematikk med snittkarakter C ogminimum to års relevant yrkespraksis. , basic_html