Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Master 1,5-2 år
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
90

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

.

Om studiet

Fordjupingsfaget vil bli sett i ein historisk og samfunnsmessig samanheng, og du skal utvikle evne til kritisk fagrefleksjon og profesjonsforståing.

Den erfaringsbaserte mastergraden er retta mot lærarar som har 60 studiepoeng i matematikk, og som ønskjer å oppnå lektorkompetanse.

Utdanninga er profesjonsretta, og det er lagt opp til at studentane skal sjå praksiserfaringane sine opp imot aktuell fagteori og forsking. Fordjupingsfaget blir sett i ein historisk og samfunnsmessig samanheng. Studiet gir kompetanse for å kunne tilpasse opplæringa i matematikk til ei mangfaldig elevgruppe.

Dei ulike fordjupingane består av 3 emne på 15 studiepoeng. Samla sett utgjer desse emna den faglege profilen til fordjupingsfaget. Profilen til dei enkelte faglege fordjupingane er skildra i introduksjonen til emneplanane. Emna er forskingsbaserte som betyr at studentane møter lærestoff med perspektiv på både metode og vitskapsteori gjennom heile studiet.

I tillegg er vitskapsteori og metode eit eige emne på 15 studiepoeng. Her får studentane ei innføring i vitskapsteori og metode som skal danne grunnlag for å gjennomføre eit forskingsarbeid på masternivå. 

Masteroppgåva på 30 studiepoeng avsluttar studiet. Studentane skal planlegge og gjennomføre eit individuelt og sjølvstendig vitskapleg arbeid og dokumentere dette i ei masteroppgåve med krav om vitskapleg framstilling.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning, 60 studiepoeng i matematikk med snittkarakter C ogminimum to års relevant yrkespraksis.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Søk 1. november. Søknadskode: 4532

Alle utdanninger innen