Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Master 1,5-2 år
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
90
Søknadsfrist: 15. april

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

.

Om studiet

Denne erfaringsbaserte mastergraden på deltid er retta mot lærarar som har 60 studiepoeng i engelsk, og som ønskjer å oppnå lektorkompetanse.

Utdanninga er profesjonsretta, og det er lagt opp til at studentane skal sjå praksiserfaringane sine opp imot aktuell fagteori og forsking. Fordjupingsfaget vil bli sett i ein historisk og samfunnsmessig samanheng, og studentane skal utvikle evne til kritisk fagrefleksjon og profesjonsforståing.

Studiet har fire ulike faglege fordjupingar – i norsk, engelsk, matematikk og samfunnsfag. Dette er store og viktige skulefag, og kompetanse i desse faga er etterspurt i skulen. Uavhengig av val av fordjupingsfag vil studentane møte ein del fagovergripande tema. Dette gjeld:

  • Tilpassa opplæring
  • Vurdering
  • Grunnleggande ferdigheiter
  • Profesjonsfagleg digital kompetanse

Fordjupinga består av 3 emne på 15 studiepoeng. Samla sett utgjer desse emna den faglege profilen til fordjupingsfaget. Profilen til dei enkelte faglege fordjupingane er skildra i introduksjonen til emneplanane. Emna er forskingsbaserte som betyr at studentane møter lærestoff med perspektiv på både metode og vitskapsteori gjennom heile studiet.

I tillegg er vitskapsteori og metode eit eige emne på 15 studiepoeng. Emnet skal gi studentane innføring i vitskapsteori og metode som dannar grunnlag for å gjennomføre eit forskingsarbeid på masternivå. 

Masteroppgåva på 30 studiepoeng avsluttar studiet. Studentane skal planlegge og gjennomføre eit individuelt og sjølvstendig vitskapleg arbeid og dokumentere dette i ei masteroppgåve med krav om vitskapleg framstilling.

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning, 60 studiepoeng i engelsk med snittkarakter C ogminimum to års relevant yrkespraksis.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Lokalt Høstopptak. Søknadskode: 4535

Utveksling

Det vert arrangert studietur til York (Det norske studiesenter i Storbritannia) for studentar med masterfordjupning i engelsk.Ordinær studentutveksling vil berre vere mogleg ved å vere fulltidsstudent i det aktuelle semesteret.Aktuelle institusjonar for utveksling er: Griffith University, Brisbane Australia, University of Waikato, Hamilton New Zealand, Det norske studiesenter i Storbritannia, University of York, Storbritannia og Linnéuniversitetet, Kalmar/Wäxjö Sverige.

Alle utdanninger innen