Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
I dette studiet fokuseres det på korleis ein arbeider med rus- og avhengigheitsproblematikk, og du vil få ulike faglege perspektiv for å skape brei forståing og handleevne til å handtere rusfaglege problemstillingar på tiltaksnivå.
Høgskulen i Volda tilbyr to vidareutdanningsemne på masternivå som samla gir oppdatert kunnskap om rusmiddelbruk, lovgjeving på og organisering av rusfeltet, samt behandling. Rus som kulturelt og sosialt fenomen (RUS301) går i haustsemesteret, medan Tiltak mot rusproblem (RUS302) går i vårsemesteret.
I masteremna vert det fokusert på på korleis ein arbeider med rus- og avhengigheitsproblematikk. Røynde førelesarar frå feltet reiser ulike faglege perspektiv for å skape brei forståing og handleevne til å handtere rusfaglege problemstillingar på tiltaksnivå.
Tiltak mot rusproblem (RUS302) har tre hovudtema:
Tema 1) Grunnlagsspørsmål
- forståingsmodellar
- etikk og brukarperspektiv
- juridiske rettar
- organisasjonsstrukturen på rusfeltet
Tema 2) Tilnærmingsmåtar
- behandlingsmodellar
- lågterskeltiltak
Tema 3) Særskilde tiltak
- tverrfagleg spesialisert behandling (TSB)
- legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
- motiverande samtale (MI)
- rus og psykisk liding (ROP)