Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Forskerutdanning/PhD
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
5

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

30. oktober 2026.

Om studiet

Ph.d -emnet gir innsikt i eit breitt utval av metodar for tekstanalyse, og deltakarane får høve til å fordjupe seg i teoretiske tilnærmingar som er særleg relevante for dei ulike avhandlingsarbeida.

I emnet vert det fokusert på språkvitskaplege, litteraturvitskaplege, filosofiske, historiske og religionsfaglege tilnærmingar til tekstanalyse.

Deltakarane skal få kunnskap om ulike tilnærmingar til analyse av tekst og meining. Sentralt vil vere ulike teoretiske tilgangar til forståing av tekst og tekststruktur, kva språkleg meining er og til tolking av tekstar. I tillegg vert det lagt vekt på korleis ein kan forstå tilhøvet mellom tekst og kontekst, historisitet og intertekstualitet.

Opptakskrav

Grunnlaget for opptak er mastergrad eller tilsvarande med vekta snittkarakter B eller betre. Kandidatar med 5-årig integrert lærar- eller lektorutdanning må ha vekta snittkarakter B eller betre frå dei to siste åra i utdanninga.I særlege tilfelle kan ein kandidat med snittkarakter under B få opptak, dersom kandidaten kan dokumentere vitskapleg publisering eller anna som viser at kandidaten held høgt fagleg nivå, og som sannsynleggjer at kandidaten er i stand til å fullføre ph.d.-programmet. Utdanninga som dannar grunnlag for opptak må vere relevant for ph.d.-programmet. Normalt er dette humanistiske (inkludert medie- og kulturfaglege), pedagogiske, fagdidaktiske eller samfunnsvitskaplege fag.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Søk nå. Søknadskode: 5012

Alle utdanninger innen