Fakta
- Alle (primær)
- Alle (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.
Om studiet
Utdanning som barnevernspedagog gir deg etterspurt yrkeskompetanse på eit viktig og utfordrande arbeidsområde.Du blir kvalifisert til å jobbe med omsorg, behandling og førebygging retta mot risikoutsette barn og unge og deira familiar. Studiet har eit særleg fokus på å sikre betre leve- og oppvekstvilkår for dei som har sosiale eller psykiske problem, eller står i fare for å få det.Aktuelle arbeidsplassar vil mellom anna vere barnevernstenesta i kommunesektoren, kultur- og oppvekstsektoren, ungdomsklubbar, skule og skulefritidsordningar og i barne- og ungdomsinstitusjonar.Høgskulen i Volda arbeider no med godkjenning av mastergrad retta mot barnevernspedagogar sett i høve til nye nasjonale kompetansekrav for denne yrkesgruppa.Høgskulen i Volda har gode praksisordningar for studentar i sosialt arbeid, både i Noreg og i utlandet. Les meir om dette her. , full_html
Undervisningsopplegg
Opptaksinformasjon
Anbefalt forhåndskunnskap
Utveksling
Ved Bachelor i sosialt arbeid – barnevernspedagog kan du få utveksling til ein av våre samarbeidsinstitusjonar i utlandet det tredje semesteret. Høgskulen i Volda har i dag samarbeid med Augsburg University (USA), Champlain College (USA), Hawaii Pacific University (USA) og The American College of Greece (Hellas). I femte semester kan studentar ha klientretta praksisstudium ved utanlandske organisasjonar og institusjonar som høgskulen har samarbeidsavtale med i Tanzania, India, Kenya, Hellas og Irland.Les meir om praksis i utlandet her., basic_html