Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Religionsfaget i den norske skulen, religionens rolle i skulen sitt verdigrunnlag, og religionens plass i samfunnet har lenge vore og er under debatt. Dette er knytt til sekulariseringsprosessar og pluralisering av samfunnet i Noreg og andre land.Vidareutdanninga gir innsikt i skulen sitt møte med kulturendringar i samfunnet. Det vert lagt vekt på religion i skulen i eit internasjonalt perspektiv. Emnet gir aktuell og etterspurd kunnskap til lærarar og andre yrkesgrupper innanfor skuleverket, og er ein del av Master i kulturmøte. Dei som fullfører studiet og seinare vil gå vidare til mastergraden, får studiet automatisk godskrive i graden.