Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Bachelor, 3 år
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studiepoeng:
180
Søknadsfrist: 15. april
Opptakskrav: GENS
Poenggrenser 2024:
  • Alle (primær)
  • Alle (ordinær)
Studieplasser: 30
Nettbasert: Nei
Samlingsbasert: Nei
Deltid: Nei
Søknadskode (SO): 223452

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

.

Om studiet

Kva lærer du? Planlegging: Lær korleis du kan bidra til ei grønare framtid gjennom berekraftig samfunnsplanlegging.Governance: Forstå kompleksiteten i styringssystem og demokratiutøving på alle nivå. Prosessleiing: Utvikle ferdigheiter i kommunikasjon og samhandling for å leie endringsprosessar.Kvifor velje oss? Arbeidslivsrelevans: Gjennom prosjektarbeid, praksisbesøk og studieturar får du verdifull erfaring som gjer deg jobbklar. Internasjonale moglegheiter: Ta delar av studiet i utlandet og få eit globalt perspektiv. Videre studiar: Studiet kvalifiserer for opptak til Master i samfunnsplanlegging og leiing, slik at du kan ta utdanninga di endå lenger. , full_html

Studiet vektlegg tre fagområde som er gjennomgåande for heile bachelorstudiet; planlegging, governance, og prosessleiing.Første studieår får du ei innføring i alle tre fagområda. Studieåret består av i alt seks emne og desse legg grunnlaget for resten av bachelorstudiet. Studieåret vert avslutta med eit tverrfagleg prosjektarbeid i lokalsamfunnsanalyse. Dette er eit feltarbeid som blir gjennomført i ein kommune /lokalsamfunn enten nasjonalt eller internasjonalt.Andre studieår i haustsemesteret tar du tre emne som dekkjer eit breiare spekter av dei tre fagområda. I vårsemesteret andre studieåret er det valfag. Her kan du velje mellom fordjupingsemne innanfor dei tre fagområda, eller du kan reise på utveksling eller gjennomføre eit praksisopphald i utlandet.Tredje studieår i haustsemesteret tek du eit fordjupingsemne i planlegging og eit i governance. Her gjennomfører du eit prosjektarbeid i tilknyting til praksisfeltet, og du får tilbod om å vere med på studietur til utlandet. I vårsemesteret tek du eit fordjupingsemne i prosessleiing, i tillegg til å skrive ei bacheloroppgåve.Sjølv om teksten her er på nynorsk er det ikkje noko krav om at du må skrive nynorsk når du studerer med oss!, full_html

Undervisningsopplegg

Undervisninga er lagt opp i ein kombinasjon av førelesing, sjølvstudium, gruppearbeid og praktiske øvingar. Det er lagt stor vekt på å gjere undervisinga arbeidslivsrelevant. Det er høve til å velje praksis som eit valemne. Praksisopphald og delar av utdanninga, kan gjennomførast i utlandet same semester. Du får også tilbod om å delta på ein eller fleire studieturar. , basic_html

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Stengt for søking1. Søknadskode: 223 452

Anbefalt forhåndskunnskap

Utveksling

Du kan ta delar av utdanninga i utlandet. Vi rår mellom anna til utveksling til våre samarbeidsinstitusjonar i Australia, Belgia, Sør-Korea og USA. Les meir om internasjonalisering på nettsidene våre. Les også om Iben Ekornås si praksiserfaring frå opphaldet i Italia. , basic_html