Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Eit samfunn i kontinuerleg omstilling stiller store krav til leiarar, både i offentleg og privat sektor. Det vert tatt utgangspunkt i at leiarar i offentleg sektor har eit stor samfunnsansvar og at planlegging er eit reiskap for utøving av slik leiarskap. Behova i samfunnet blir meir og meir samansette, og offentleg sektor må difor framstå som meir samordna. Saman med privat og frivillig sektor må offentleg sektor bidra til meir samhandling, og saman med brukarar/borgarar bidra til meir samskapte og tilpassa tenester. Studentar som ønskjer å ta studiet på fulltid, vil få dette tilrettelagt. Studiet legg vekt på å knyte saman teori og praksis og på å stimulere studentane til å reflektere over det å vere planleggar og leiar. Difor legg studiet vekt på studentaktive læringsformer med dialogbasert undervisning, omsnudd klasserom der studentane mellom anna presenterer og drøftar sine erfaringar og sine arbeid, medstudentvurderingar av oppgåver som er til rettleiing.
Masterstudiet gir deg høg yrkesretta kompetanse i planlegging, utviklingsarbeid og leiing i samfunn og organisasjonar. I studiet vert det lagt vekt på å knyte teori og praksis saman, og til å stimulere studentane til å reflektere over det å vere planleggar og leiar.
Opptakskrav
Opptaksinformasjon
Utveksling
Høgskulen i Volda har avtalar med utdanningsinstitusjonar i utlandet, og du kan få hjelp til å finne aktuelle studium.