Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
I dette studiet ser vi på rusmiddelbruk og rusproblematikk ut i frå forskingsbasert kunnskap frå fleire fagområde, med vekt på sosiologiske og psykologiske tilnærmingar.
Folk sine haldningar til bruk av alkohol og andre rusmiddel er i endring i samfunnet vårt. Dette inneber også behov for ny kunnskap om korleis rusmiddelbruk kan regulerast, førebyggast og behandlast.
Vidareutdanninga er relevant for deg som ønskjer oppdatert kunnskap om rusmiddel og rusmiddelbruk i ulike grupper og om førebyggingsstrategiar. Mange av dei som tek emnet er sosialarbeidarar, vernepleiarar eller sjukepleiarar som møter rusproblematikk i jobbane sine i kommunar og helseføretak. Andre grupper er politi, lærarar, rådgivarar og frivillige som treng oppdatert kunnskap om rusmiddelbruk.
Høgskulen i Volda tilbyr to vidareutdanningsemne på masternivå som samla gir oppdatert kunnskap om rusmiddelbruk, lovgjeving på og organisering av rusfeltet, samt behandling. Rus som kulturelt og sosialt fenomen går i haustsemesteret, medan Tiltak mot rusproblem går i vårsemesteret.
I Rus som kulturelt og sosialt fenomen studerer vi rusmiddelbruk og rusproblematikk ut i frå forskingsbasert kunnskap frå fleire fagområde, med vekt på sosiologiske og psykologiske tilnærmingar. Vi er opptekne av spørsmål som; kva er avhengigheit, kva for sosiale funksjonar har rusmiddelbruk, kva betyr rusmiddelbruk i samfunnet vårt og korleis kan ein førebyggje rusproblem.