Fakta
Studieform:
Undervisning ved lærestedet
Studietempo:
Deltid
Studiepoeng:
15
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Rettleiings- og mentorutdanning 2 er retta mot barnehagelærarar/førskulelærarar, grunnskulelærarar og lærarar i vidaregåande opplæring som skal vere praksislærar eller rettleiar for nyutdanna.Studiet har ei brei tilnærming til rettleiingsfeltet og legg vekt på utvikling av både kunnskapar om og ferdigheiter i rettleiing. Du får innføring i ulike teoriar og metodar for rettleiing knytt til læring og kompetanseutvikling.
Sentrale tema som kommunikasjon, relasjon og samspel, etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing vert vidareført frå Rettleiings- og mentorutdanning 1. Det vert vidare lagt vekt på korleis rettleiing og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap kan nyttast som støtte for utvikling av profesjonsidentitet og yrkesrolle.
Undervisningsopplegg
Studiet går over 2 semester. Undervisninga er samlingsbasert med nettstøtte.Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Opptakskrav
1. Fullført barnehagelærar-/førskulelærar- eller lærarutdanning 2. Fullført Rettleiings-og mentorutdanning 1 (15 stp).3. Dokumentere stilling som barnehagelærar, grunnskulelærar eller lærar i vidaregåande opplæring
Opptaksinformasjon
Søknadstype: Stengt for søking. Søknadskode: 4114