Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
I dette studiet får du omfattande kunnskap og innsikt i eit breitt spekter av teoriar og metodar for rettleiing som verkty for læring og kompetanseutvikling. I følgje retningsliner for barnehagelærarutdanning må alle som skal vere praksislærarar ha minimum 30stp.
Rettleiing for praksislærarar er ei profesjonsretta utdanning på masternivå for barnehagelærarar som er, eller ynskjer å bli, praksislærarar i barnehagen. Sentrale tema er kommunikasjon, relasjon og samspel, etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing. Det blir lagt vekt på korleis rettleiing, både individuelt og i gruppe, kan styrke læring og utvikling for studentar i praksis.
Studentane må rekne med høg deltakaraktivitet. Studiet har som mål å gjere nytte av og vidareutvike dei ressursane som ligg i studentane si yrkeserfaring, og legg vekt på korleis desse kan bidra til å skape eit godt læringsmiljø. Studentane vert organiserte i lokale nettverksgrupper som rettleiar kvarandre og drøftar faglege tema. Her inngår skriftlege rapporteringar frå arbeidet som ein viktig læringsstrategi.
Dersom du er lærar som er innvilga økonomisk støtte frå UDIR og ynskjer prioritert opptak på dette emnet, må du laste opp dokumentasjon om dette i søknadsweb. Legg ved e-post eller kopi av brev frå UDIR.
Har du spørsmål om dette kan du kontakte EVU-koordinatorOle Frank Bakken.
Her finn du meir informasjon om økonomisk støtte til vidareutdanning gjennom UDIR: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/kompetanseutvikling/videreutdanning/