Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Lavere nivå
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
60

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

25. april 2024.

Om studiet

Kunnskap om religionar og livssyn er viktig i dagens fleirkulturelle samfunn. Studiet gir grunnleggande kunnskap om religionar, livssyn, etikk og filosofi, i tillegg til innsikt i religions- og livssynmangfaldet i Noreg. Det er relevant for mange yrkesgrupper, til dømes innanfor skule-, kultur og helsesektoren.

Du kan velje mellom desse emna, kvart på 15 studiepoeng: Religion og livssyn I (haust 24) Religion, media og populærkultur (haust 24) Religion og livssyn II (vår 25) Religion og samfunn (vår 25) Emna kan takast kvar for seg eller i ulike kombinasjonar. For lærarar som ønskjer å ta 30 studiepoeng, rår ein til emna Religion og livssyn I og II, som gir innføringskunnskap på fagfeltet.

Undervisningsopplegg

Studiet er nettbasert og all undervisning, rettleiing og eksamen vert gjennomført i undervisningsverktyet Canvas. Undervisninga er organisert i leksjonar, testar, undervisningsfilmar og arbeidskrav. Studenten har sjølv det primære ansvaret for læringsutbyttet gjennom lesing, oppgåveskriving, refleksjon og aktiv deltaking i Canvas. Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Lokalt opptak. Søknadskode: 4140

Anbefalt forhåndskunnskap

Alle utdanninger innen