Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.
Om studiet
Nettstudiet gir deg grunnleggande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi inkludert religions- og livssynmangfaldet i Noreg. Kunnskap om religion er svært viktig i vårt fleirkulturelle samfunn.
Kva lærer du?
Nettstudiet består av fire emne, kvart på 15 studiepoeng:
- Religion og livssyn I (15 sp)
- Religion, media og populærkultur (15 sp)
- Religion og livssyn II (15 sp)
- Religion og samfunn (15 sp)
Dei ulike emna kan takast kvar for seg og i ulike kombinasjonar.
For lærarar som tek dette som vidareutdanning og ønskjer å ta 30 studiepoeng, tilrår vi emna Religion og livssyn I og II. Desse emna gir innføringskunnskap, medan emna Religion, media og populærkultur og Religion og samfunn går djupare inn i nokre aktuelle og samfunnsrelevante aspekt.
Vil du studere vidare?
Om du ønskjer å studere vidare innanfor fagfeltet, kan emna godskrivast i Bachelor i religion og kultur ved Høgskulen i Volda.
Studiet kan også gje grunnlag for opptak til Religion, livssyn og etikk (RLE) fordjupingsstudium.
Studiet er nettbasert og all undervisning, rettleiing og eksamen vert gjennomført i undervisningsverktyet Canvas. Undervisninga er organisert i leksjonar, testar, undervisningsfilmar og arbeidskrav.
I kombinasjon med ei lærarutdanning vil studiet kvalifisere for undervisning i KRLE-faget i grunnskulen (minimum 30 stp) og i RE-faget i den vidaregåande skulen (minimum 60 stp). Vidareutdanninga er også aktuell for fleire yrkesgrupper som til dømes i helsesektoren, i media og kyrkje- og kulturliv.
Studiet grunnlag for opptak til Religion, livssyn og etikk (RLE) fordjupingsstudium.