Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Vidareutdanninga er retta mot realfaglege tema i barnehagen for å auke barnehagelærarar sin kompetanse innanfor desse fagområda. Det vert sett fokus på å legge til rette for at borna får erfaringar innanfor matematikk og naturfag. Studentane skal kartlegge kva plass realfaga har i leike- og læringsmiljøa i eigen barnehage, og arbeide med å utvikle desse. Det er eit mål å vidareutvikle moglegheitene for oppdaging og utforsking i lag med barna, både ute og inne. Teknologi og programmering i barna sitt leike- og læringsmiljø er også ein viktig del av studiet. Nokre av arbeidskrava skal gjennomførast saman med kollegaer og barn i barnehagen. Det er difor eit vilkår at studentane har moglegheit til dette.Korleis søkje støtte til vidareutdanning for lærarar:Gjennom UDIR si ordning Kompetanse for kvalitet (KFK) og Kompetanse for fremtidens barnehage (KFB) kan du som jobbar i skulen og tar vidareutdanning også søkje økonomisk støtte.Nytt for studieåret 2025/2026 er at du må sende to søknadar:Èin søknad til Høgskulen i Volda på emnet du ynskje å studere – søkjeperiode 1. februar til 15. april.Èin søknad til Utdanningsdirektoratet om vikar- og stipendordning – søkjeperiode 1. februar til 1. mars. (NB. Lenkje til søkjeportalane vert opna 1. februar)Det er også mogleg å søkje vidareutdanningar ved Høgskulen i Volda utan vikar og stipendstøtte frå UDIR.