Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Lavere nivå
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
15
Søknadsfrist: 1. mars

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

25. april 2024.

Om studiet

Vidareutdanninga er lagt til rette for lærarar utan erfaring i programmering. Målet er å gi kompetanse i programmering og didaktikk for bruk i ulike fag på 5.-10. trinn. Vi fokuserer på korleis ein skal introdusere og gjennomføre variert programmeringsundervisning. Studiet har difor innhald om både algoritmisk tenking, programmering utan datamaskin, blokkbasert programmering og tekstbasert programmeringsspråk. Ein jobbar med ulike typar utstyr, som Micro:bit eller andre mikrokontrollar/robotar studenten har tilgjengeleg, og vi hevar blikket og ser på programmering i eit samfunnsperspektiv. Utprøving i faget blir integrert i eigen praksis og progresjon kan tilpassast skulen sin årsplan. Utdanninga er eit tilbod under satsinga Kompetanse for kvalitet frå Utdanningsdirektoratet (UDIR).

Undervisningsopplegg

All undervisning, rettleiing og vurderingsordningar i utdanninga er nettbaserte. Det er med andre ord ingen forelesingar eller anna undervisning i sanntid ("live") sidan målgruppa er lærarar i jobb. Vi brukar Teams for å få ein nærare dialog mellom lærarar og studentar, og her kan studentar møtast også direkte om dei ynskjer det. Studentane skal levere ei vureringsmappe med utvalde arbeid frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Kompetanse for kvalitet. Søknadskode: 4203

Anbefalt forhåndskunnskap

Fullført grunnskulelærarutdanning eller tilsvarande.

Alle utdanninger innen