Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Lavere nivå
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
15
Søknadsfrist: 1. mars

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

9. februar 2024.

Om studiet

Vidareutdanninga er lagt til rette for lærarar utan erfaring i programmering. Målet er å gi kompetanse i programmering og didaktikk for bruk i ulike fag på 1.-7. trinn. Ein viktig del av studiet er algoritmisk tenking, programmering utan datamaskin og overgangar mellom ulike tilnærmingar for programmering på små- og mellomsteget. Leik og kreative skapande prosessar er sentralt, men ein hevar også blikket og diskuterer programmering i eit samfunnsperspektivet. Utprøving i faget blir integrert i eigen praksis og progresjon kan tilpassast skulen sin årsplan. Utdanninga er eit tilbod under satsinga Kompetanse for kvalitet frå Utdanningsdirektoratet (UDIR).

Undervisningsopplegg

All undervisning, rettleiing og vurderingsordningar i utdanninga er nettbaserte. Det er ingen forelesingar eller anna undervisning i sanntid ("live") sidan målgruppa er lærarar i jobb. Vi brukar Teams for å få ein nærare dialog mellom lærarar og studentar, og her kan studentar møtast også direkte om dei ynskjer det. Sidan studentane på studiet er lærarar i skulen, vert utprøving og progresjon integrert i eigen praksis og tilpassa skulane sine årsplanar. Studenten skal levere ei vurderingsmappe med utvalde arbeid frå heile semesteret. Vurderingsmappa skal leverast elektronisk.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Kompetanse for kvalitet. Søknadskode: 4202

Anbefalt forhåndskunnskap

Fullført lærarutdanning (grunnskulelærar, allmennlærar, førskulelærar, barnehagelærar, eller Praktisk-pedagogisk utdanning PPU).

Alle utdanninger innen