Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Praktisk naturfag og tryggleik er retta mot lærarar på mellom- og ungdomstrinn og i vidaregåande skule som ynskjer å utvide sin kompetanse i utforskande og tverrfagleg naturfagsundervising, og som vil kjenne seg trygge på å kunne gjennomføre praktisk og eksperimentelt arbeid på ein sikker måte.Gjennom fire samlingar (to på haust og to på vår) vert studentane kjende med eksperimentelt arbeid i biologi, kjemi og fysikk, og lærer rutinar for sikkert arbeid i naturfagslaboratoriet og ved feltarbeid, inkludert handtering av risikoavfall og prosedyrar ved ulukker. I den fjerde samlinga vert det lagt vekt på tverrfagleg arbeid der element frå biologi, kjemi, fysikk og teknologi vert fletta saman i utforskande forsøk.Emnet passar godt for lærarar på mellom- og ungdomstrinn og i vidaregåande skule som ynskjer å utvide sin kompetanse i utforskande og tverrfagleg naturfagsundervising, og som vil kjenne seg trygge på å kunne gjennomføre eksperimentelt arbeid på ein sikker måte.