Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.
Om studiet
Høgskulen i Volda har i dag eit av dei mest sentrale utdanningsmiljøa innanfor media og kommunikasjon i Noreg. Studiet skal gi deg brei kunnskap om grunnleggande tema, metodar, teoriar, problemstillingar og verktøy innan medie- og kommunikasjonsfaget.
Kva lærer du?
1. semester: Studentane gjennomfører vår “rekruttskule” med Adobe workshops og opplæring i foto og video, lage trykksaker og dei nødvendige programvarene. Det vert fokusert på ulike former for kommunikasjonsstrategiar, i tillegg til innføring i norsk samfunnsliv. Denne undervisninga er felles med studentane på journalistikk.
2. semester: Medan første semester handla mykje om ekstern og utadretta kommunikasjon, handlar andre semester om intern kommunikasjon. I tillegg lærer studentane om ytringsfridom og media si rolle i demokratiet. I lys av tidsaktuelle hendingar lærer studentane kritisk refleksjon kring media si utvikling og rolle i samfunnet. Her er det også felles undervising med journalistikk og medieproduksjon.
3. semester: Studentane brukar kunnskapen frå første året til å gjennomføre praktiske prosjekt for bedrifter og organisasjonar. Alle studentar skal lære journalistisk metode og ulike former for nyhendeproduksjon, nyhendevurdering og presseetikk – også felles med journalistikk og medieproduksjon.
4. semester: No kan studentane fritt velje emne i inn- eller utlandet som skaper variasjon og tverrfaglegheit i si studieportefølje. Nokre vil auke kultur- og språkkompetanse medan for andre er det viktig å fordjupe seg i ei fagleg interesse.
5. semester: Bærekraft, samfunnsansvar og omdømme er sentrale fagfelt som mange vil møte i arbeidslivet. Dette er difor viktige temaer i medieutdanningane ved HVO. Mange studentar kombinerer perspektiva i ei større fordjupningsoppgåve som dei leverer i medievitskap. Dette er også felles med journalistikk og medieproduksjon.
6. semester: Siste semester startar med turbovekene som førebur studentane på å arbeide i ekstern praksis. HVO har eit godt utbygd nettverk av praksisplassar i bedrifter og ulike organisasjonar. Dette er eit opplegg som vi har mange tiårs erfaring med. Studentane skriv ei avsluttande oppgåve om praksisopphaldet som eit førebels punktum for utdanninga i Volda.
Kva jobb kan du få?
Alle organisasjonar kommuniserer med omverda, og behovet for truverdig kommunikasjon aukar. Bachelorprogrammet utdannar sjølvstendige, leiande, kreative og kritiske kommunikasjonsmedarbeidarar, som ofte endar opp som leiarar i verksemder med ansvar for strategisk utviklingsarbeid og store prosjekt.
Studiet kvalifiserer for kommunikasjonsarbeid i alle sektorar i arbeidslivet, men kandidatane kan også arbeide innanfor film, journalistikk, sosiale medium, m.m.
Sjekk ut podcasten som studentane laga om si eiga utdanning i ei studentoppgåve!.
Sjekk også ut #PRprat som har gått kvar onsdag klokka 12.00 våren 2024
PR- og kommunikasjonsutdanninga har opparbeidd eit svært tett samarbeid med arbeidslivet som studentane får nytte av i gjesteførelesingar frå sentrale kommunikasjonsfolk, gjennom praktisk prosjektarbeid og ekstern praksis i arbeidslivet.
Bachelor i PR, kommunikasjon og media kvalifiserer deg til kommunikasjonsfagleg arbeid i offentleg forvaltning, frivillige organisasjonar og private verksemder. Relevante arbeidsplassar vil vere kommunikasjonsbyrå og ulike stillingar i både frivillig, privat og offentleg sektor. Her kan du blant anna jobbe som PR og kommunikasjonsrådgivar, innhaldsprodusent eller vere ansvarleg for sosiale medier.
Utdanninga kan også gi grunnlag for andre karrierevegar avhengig av arbeidsmarknaden, personlege interesser og eventuelt vidare studium. Bachelor i PR, kommunikasjon og media kvalifiserer for opptak til Master in Media Practices ved Høgskulen i Volda eller andre relevante mastergrader i Noreg eller i utlandet.