Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Forskerutdanning/PhD
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studietempo: Heltid
Studiepoeng:
180

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

.

Om studiet

Dette er ei forskarutdanning på tvers av utdanningsvitskap og språk- og kulturfag. Ph.d.-programmet er aktuelt for deg som har humanistisk, pedagogisk eller fagdidaktisk mastergrad eller utdanningsvitskapleg profesjonsutdanning med integrert mastergrad.

Kjernen i ph.d.-programmet er i skjeringspunktet mellom utdanning, språk og tekst, skriftkultur og ulike kulturmøte, og det har eit særleg fokus på fagdidaktiske og andre tilnærmingar som går på tvers av disiplinar og profesjonar. 

Studiet rettar seg mot kandidatar frå humanistiske, pedagogiske og fagdidaktiske mastergrads-program og utdanningsvitskaplege profesjonsutdanningar med integrert mastergrad. Utdanninga skal kvalifisere kandidatane til forsking, undervisning og anna formidlingsarbeid med høge krav til vitskapleg innsikt.

Ph.d.-programmet er sett saman av ein opplæringsdel på 30 studiepoeng og ein forskingsdel på 150 studiepoeng. Opplæringsdelen er delt i ein obligatorisk (17 stp.) og ein valfri (minst 13 stp.).

Etter individuell søknad kan kandidatar få innpassa studiepoeng frå ph.d.-kurs ved andre UH-institusjonar.

Ph.d.-avhandlinga skal vere eit sjølvstendig, vitskapleg arbeid på høgt fagleg nivå når det gjeld problemformulering, terminologisk presisjon, metodisk, teoretisk og empirisk grunnlag, dokumentasjon og framstillingsform. Avhandlinga skal utvikle ny fagleg kunnskap og ligge på eit nivå som gjer at ho kan publiserast som del av den vitskaplege litteraturen på feltet.
 

Opptakskrav

Grunnlaget for opptak er mastergrad eller tilsvarande med vekta snittkarakter B eller betre. Kandidatar med 5-årig integrert lærar- eller lektorutdanning må ha vekta snittkarakter B eller betre frå dei to siste åra i utdanninga. I særlege tilfelle kan ein kandidat med snittkarakter under B få opptak, dersom kandidaten kan dokumentere vitskapleg publisering eller anna som viser at kandidaten held høgt fagleg nivå, og som sannsynleggjer at kandidaten er i stand til å fullføre ph.d.-programmet. Utdanninga som dannar grunnlag for opptak må vere relevant for ph.d.-programmet. Normalt er dette humanistiske (inkludert medie- og kulturfaglege), pedagogiske, fagdidaktiske eller samfunnsvitskaplege fag. Krav til innhald og dokumentasjon i søknaden kjem fram av Retningslinjer for ph.d.-programmet Utdanning, språk og kultur ved Høgskulen i Volda. Det er normalt krav om at kandidaten kan dokumentere finansiering for heile programperioden. Doktorgradsutvalet gjer vedtak om opptak i programmet.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Ph.d. i utdanning, språk og kultur.

Utveksling

Høgskulen har økonomiske støtteordningar og vil legge til rette for at kandidatane i ein del av studietida får ha opphald ved ein utanlandsk utdannings- eller forskingsinstitusjon, for å arbeide med ph.d.-prosjektet og/eller ta relevante kurs for opplæringsdelen.

Alle utdanninger innen