Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.
Om studiet
Studiet er retta mot yrkesgrupper som ønskjer å heve kompetansen sin i norsk og spesialisere seg i språklege og litterære emne. I kombinasjon med ei lærarutdanning gir studiet undervisningskompetanse i norsk i ungdomsskule og vidaregåande skule.
Fordjupingsstudiet i norsk (nordisk) språk og litteratur kan setjast saman på ulike måtar:
- eit språkleg og eit litterært emne
- to språklege emne
- to litterære emne
- eit emne i anten språk eller litteratur og eit individuelt oppgåveemne i same disiplin i det påfølgjande semesteret
Kvart av emna er på 15 studiepoeng. Du vel sjølv om du vil ta eitt eller to emne pr. semester. For å bli tatt opp på oppgåveemnet må du ha fullført undervisningsemnet.
I kombinasjon med ei lærarutdanning gir studiet undervisningskompetanse i norsk i ungdomsskule og vidaregåande skule eller kan nyttast i andre yrkessamanhengar der ein treng kompetanse i språk eller litteratur.
Studiet kan godskrivast Bachelor i språk og litteratur ved Høgskulen i Volda.