Fakta
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.
Om studiet
Studiet er ei vidareutdanning knytt til den første lese- og skriveopplæringa for 1.- 4. steg i grunnskulen. Studiet gir studentane eit teoretisk og didaktisk grunnlag for å drive tilpassa lese- og skriveopplæring for alle elevar på 1. - 4. steg.
NOR2LSN er ei vidareutdanning knytt til den første lese- og skriveopplæringa for 1.- 4. steg i grunnskulen. Studiet gir deg eit teoretisk og didaktisk grunnlag for å drive tilpassa lese- og skriveopplæring for alle elevar, også elevar med norsk som andrespråk. NOR2LSN er særleg relevant for deg som er utdanna barnehagelærar/ førskulelærar og som ønskjer å kvalifisere deg for arbeid som norsklærar i grunnskulen 1. - 4. steg, jf. forskrift til opplæringslova.
For deg med barnehagelærarutdanning/ førskulelærarutdanning kan 30 studiepoeng i NOR2LSN inngå som ein del av dei 60 studiepoenga forskrifta krev for å bli tilsett for undervisning i norskfaget på barnesteget (1.- 4. steg). For deg med lærarutdanning og 30 studiepoeng i norsk vil NOR2LSN vere ei relevant vidareutdanning som gir deg oppdatert kompetanse knytt til den første lese- og skriveopplæringa for 1. - 4. steg i grunnskulen.
NOR2LSN er nettbasert og utan fysisk oppmøte.
NOR2LSN er eit modulbasert nettstudium, der ulike modular tematiserer sentrale delar av begynnaropplæringa i norsk på 1. til 4. steg. Til kvar modul ligg det læringsaktivitetar og arbeidskrav som må vere godkjende før ein kan ta eksamen. Begge målformer; bokmål og nynorsk, skal vere representerte i studentane sine arbeidskrav og til eksamen. Studentane får tildelt ein rettleiar ved studiestart, og denne rettleiaren følgjer studenten gjennom året.