Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Lavere nivå
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
30

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

.

Om studiet

Studiet er eit vidareutdanningstilbod for lærarar som har lite eller ingen norsk i si tidlegare utdanning. Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planlegge, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i norsk for elevar på 1.-7. steg. Undervisninga er nettbasert med to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. Vurderingsordninga i emna vert gjennomført som heimeeksamen og mappeeksamen. Utdanninga er eit tilbod under satsinga Kompetanse for kvalitet frå Utdanningsdirektoratet (UDIR) når det gjeld vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar.

Undervisningsopplegg

Undervisninga er nett- og samlingsbasert. Det er to obligatoriske samlingar i Volda kvart semester. Nettundervisninga vert gitt i Canvas og Zoom. Begge emna i studiet har arbeidskrav som må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen. Eksamen er organisert som heimeeksamen og mappeeksamen.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Kompetanse for kvalitet. Søknadskode: 4377

Anbefalt forhåndskunnskap

Fullført lærarutdanning (grunnskulelærar, allmennlærar, førskulelærar, barnehagelærar, eller Praktisk-pedagogisk utdanning PPU).

Alle utdanninger innen