Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Lavere nivå
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studiepoeng:
30
Søknadsfrist: 15. april

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

.

Om studiet

Det er lagt opp til ei tett kopling mellom utvikling av fagdidaktisk og praktisk-teoretisk kompetanse. Gjennom heile studiet vil du få relevante oppgåver som du gjennomfører på eigen skule.Målgruppa er primært lærarar i grunnskulen og i kulturskulen, og utdanninga er delvis differensiert for 1. til 7. trinn og 5. til 10. trinn.Korleis søkje støtte til vidareutdanning for lærarar:Gjennom UDIR si ordning Kompetanse for kvalitet (KFK) og Kompetanse for fremtidens barnehage (KFB) kan du som jobbar i skulen og tar vidareutdanning også søkje økonomisk støtte.Nytt for studieåret 2025/2026 er at du må sende to søknadar:Èin søknad til Høgskulen i Volda på emnet du ynskje å studere – søkjeperiode 1. februar til 15. april.Èin søknad til Utdanningsdirektoratet om vikar- og stipendordning – søkjeperiode 1. februar til 1. mars. (NB. Lenkje til søkjeportalane vert opna 1. februar)Det er også mogleg å søkje vidareutdanningar ved Høgskulen i Volda utan vikar og stipendstøtte frå UDIR.

Undervisningsopplegg

Vidareutdanninga er organisert som eit kombinert nett- og samlingsbasert tilbod med to samlingar pr. semester. I tillegg til samlingane er det lagt opp digitale læringsløyper og nettmøter gjennom læringsportalen Canvas. Arbeids- og undervisningsformene i studiet vil veksle mellom praktisk og teoretisk tilnærming og oppgåveløysing, og didaktisk refleksjon knytt til studenten si eiga praksiserfaring. Mellom samlingane skal studenten gjennomføre og evaluere relevante oppgåver på eigen skule.Det vert gjeve undervegsvurderingar i undervisningsituasjonar og over nett. For å kunne gå opp til eksamen må 80 % av alle læringsløyper gjennomførast innan fastsatt frist. Eksamen er sett saman av praktiske og teoretiske oppgåver. Eksamen vert vurdert til stått/ ikkje stått.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Stengt for søking Lokalt Høst. Søknadskode: 4283

Anbefalt forhåndskunnskap

Fullført lærarutdanning (grunnskulelærar, allmennlærar, førskulelærar, barnehagelærar, eller Praktisk-pedagogisk utdanning PPU).Studentar som får vikar eller stipendstøtte frå UDIR har prioritet ved opptak.