Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Videreutdanning
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
15

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

.

Om studiet

I dette studiet får du inngåande kunnskap om teoriar og metodar innan mikrohistoriefeltet, og innsikt i utvalde døme på mikrohistoriske tilnærmingar, med vekt på kulturmøte.

Mikrohistorie er ei historiefagleg tilnærming eller eit perspektiv som tek utgangspunkt i til dømes ei enkelthending, eit mindre lokalsamfunn eller ein enkeltperson for å seie noko om generelle forhold. Studiet fokuserer på det internasjonale fagfeltet mikrohistorie, og kva moglegheiter og avgrensingar som ligg i det med vekt på analysar av kulturmøte.

Tilnærminga eller perspektivet kan nyttast på dei aller fleste historiske tema og periodar, frå steinalderen til i dag, og studentane får rettleiing i og høve til å nytte «mikroblikk» på eigne tema.

I den første delen av studiet vert det gitt ein historiografisk gjennomgang. I den andre delen blir definisjonar av fagfeltet drøfta opp mot ein del meir eller mindre anerkjente mikrohistoriske framstillingar. Studentane får kunnskap om metodar og teoriar, og skal prøve desse i praksis gjennom oppgåveskriving.

Opptakskrav

Bachelorgrad eller tilsvarande i historie eller religion med minimum 80 studiepoeng, derav 20 studiepoeng fordjuping i det same faget.Allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning med fagval i historie/RLE/samfunnsfag, og minimum 20 studiepoeng fordjuping i det same faget.Tilsvarande kompetanse innanfor humaniora eller samfunnsvitskap etter særskild vurdering.Det er krav om karaktersnitt C eller betre.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Lokalt Høstopptak. Søknadskode: 4603

Alle utdanninger innen