Fakta
- 39.60 (primær)
- 37.20 (ordinær)
Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda
.


Om studiet
Kva lærer du? Den praktiske delen av studiet har fokus på historieforteljing med foto og video. Studentane lærer idé- og konseptutvikling, research, visuelt språk og produksjonsteknikk, og får erfaring frå arbeid med regi, foto, lyssetting, lyd, klipp og produksjonsleiing. I den teoretiske delen av studiet lærer du sentrale omgrep og teoriar for analyse av audiovisuelt medieinnhald, teoriar om forholdet mellom media og publikum, og mediemakt. Du får opplæring i akademisk skriving og forskingsmetode. Relevant mediejuss og -etikk er integrert i fleire emne i bachelorgraden. Kva jobb kan eg få? Du får breiddekompetanse i audiovisuell produksjon, som kvalifiserer deg for å jobbe med utvikling og produksjon av medieinnhald i ulike sjangrar, på ulike plattformar, som til dømes: • Jobbe i produksjonsselskap eller mediehus med produksjon av dokumentarar og/eller kommersiell innhaldsproduksjon. • Jobbe i kommunikasjonsavdelinga til ei verksemd eller i ein organisasjon med produksjon av audiovisuelt innhald. • Starte eige enkeltpersonsforetak, og produsere audiovisuelle produksjonar på oppdrag frå kundar.
Studiet er ei praktisk-teoretisk treårig utdanning. Studentane jobbar med å utvikle, planlegge og gjennomføre produksjonar innan dokumentar, oppdragsfilm og livestreaming.
Opptakskrav
Opptaksinformasjon
Utveksling
Det er mogleg å gjennomføre delar av studiet i utlandet, med utveksling til våre samarbeidsinstitusjonar. Sjå moglege samarbeidsinstitusjonar.