Fakta

Lærested:
Sted:
Høgskulen i Volda
Studietype:
Forskerutdanning/PhD
Studieform: Undervisning ved lærestedet
Studietempo: Deltid
Studiepoeng:
5

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

.

Om studiet

Hovudmålet med ph.d.-emnet er å gje kandidatane inngåande kunnskap om og kjennskap til kvalitative og kvantitative forskingsmetodar og til mixed methods.

Det vert forventa at kandidatane skaffar seg innsikt i ein del klassiske og nyare metodiske verktøy som set dei i stand til å argumentere for dei metodane dei vel å bruke i eiga forsking. Dei skal også lære å planlegge og utføre analysar av ulike datakjelder som intervju, samtalar, observasjon, skriftlege tekstar og spørjeundersøkingar. Ulike forskingsmetodiske moglegheiter, avgrensingar og særpreg ved ulike tilnærmingar vil verte vektlagde.

Opptakskrav

Grunnlaget for opptak er mastergrad eller tilsvarande med vekta snittkarakter B eller betre. Kandidatar med 5-årig integrert lærar- eller lektorutdanning må ha vekta snittkarakter B eller betre frå dei to siste åra i utdanninga. I særlege tilfelle kan ein kandidat med snittkarakter under B få opptak, dersom kandidaten kan dokumentere vitskapleg publisering eller anna som viser at kandidaten held høgt fagleg nivå, og som sannsynleggjer at kandidaten er i stand til å fullføre ph.d.-emnet. Utdanninga som dannar grunnlag for opptak må vere relevant for ph.d.-programmet. Normalt er dette humanistiske (inkludert medie- og kulturfaglege), pedagogiske, fagdidaktiske eller samfunnsvitskaplege fag. Søkjarar må kunne dokumentere kunnskap i engelsk og norsk eller eit anna skandinavisk språk.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Stengt for søking. Søknadskode: 5009

Alle utdanninger innen