Fakta

Lærested:
Sted:
hivolda.no
Studietype:
Master, 2 år
Studiepoeng:
90

Informasjon er oppdatert av Høgskulen i Volda

24. april 2024.

Om studiet

Den erfaringsbaserte mastergraden er retta mot lærarar som har 60 studiepoeng i matematikk, og som ønskjer å oppnå lektorkompetanse. Utdanninga er profesjonsretta, og det er lagt opp til at studentane skal sjå praksiserfaringane sine opp imot aktuell fagteori og forsking. Fordjupingsfaget blir sett i ein historisk og samfunnsmessig samanheng. Studiet gir kompetanse for å kunne tilpasse opplæringa i matematikk til ei mangfaldig elevgruppe.

Dei ulike fordjupingane består av 3 emne på 15 studiepoeng. Samla sett utgjer desse emna den faglege profilen til fordjupingsfaget. Profilen til dei enkelte faglege fordjupingane er skildra i introduksjonen til emneplanane. Emna er forskingsbaserte som betyr at studentane møter lærestoff med perspektiv på både metode og vitskapsteori gjennom heile studiet. I tillegg er vitskapsteori og metode eit eige emne på 15 studiepoeng. Her får studentane ei innføring i vitskapsteori og metode som skal danne grunnlag for å gjennomføre eit forskingsarbeid på masternivå. Masteroppgåva på 30 studiepoeng avsluttar studiet. Studentane skal planlegge og gjennomføre eit individuelt og sjølvstendig vitskapleg arbeid og dokumentere dette i ei masteroppgåve med krav om vitskapleg framstilling.

Undervisningsopplegg

Undervisninga er lagt til Høgskulen i Volda og er dialogbasert og forskingsbasert. Studentane skal arbeide i grupper, arbeide med ulike arbeidskrav, oppgåveskriving, litteraturstudium, feltarbeid/datainnsamling og rettleiing Det vil bli arrangert eit oppstartsseminar, midtvegsseminar og sluttseminar knytt til arbeid med masteroppgåva.

Opptaksinformasjon

Søknadstype: Søk 1. november. Søknadskode: 4532

Anbefalt forhåndskunnskap

Fullført lærarutdanning, 60 studiepoeng i matematikk med snittkarakter C og minimum to års relevant yrkespraksis.